laurdag 20. februar 2010

Ei bikkje av kvart slag - Alle hus treng ein fest 2

Når ein inviterer 24 gjester som ein vil fordele rundt tre bord, har ein ei utfordring.  Slik er det i alle fall her i huset.  Eg har 12 av nokre ting og 18 av andre. No har eg telt opp og dekka på. 
Dei to borda som er i same rommet, er nesten like. Berre skeiene har ulikt mønster.  Lys og serviettar har eg tatt frå samlinga mi.
Bordet i det andre rommet har eg dekka litt annleis.  Glasa og har annan farge.  Her fann eg nokre andre serviettar i samlinga mi.
Kva eg har kjøpt?  Eg har kjøpt like dukar til alle borda (Kid kupp), også dei små borda og kjøkenbordet. Det håper eg vil gje eit litt rydig inntrykk. I tillegg har eg kjøpt til nokre asjettar i Tid. Då kan eg sette dei på kakebordet til kaffien. Eg har ikkje asjettar til kornblomstkoppane mine.  Dei kjøpte eg til konfirmasjonane, for at dei skulle passe til dei kvite middagstallerkane.  Til dessert bruker ein ofte glasfat.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ingen kan vente at ein har 24 stk. av alt, men tenk kor kjekt det hadde vore og hatt det gamle spisebordet vårt no, med god plass til 12. Det tek ingen plass når det er stua vekk.
Borda ser fine ut, dei, men du må ha ei bra samling dukar etter kvart?

solveig sa...

Europrisdukane har ei relativt kort levetid ... Eg har ikkje til alle borda anna enn i mørkeblått og naturkvitt. Men no har systa skaffa meg gul nervøs fløyel!

Hildegard sa...

Håper de hadde ein fin kveld, og i dag blir det vel også kjekt i Åsentunet. Lukke til!
Eidabesta