tysdag 9. februar 2010

Bok 7: Korset


No har eg kome til vegs ende i trilogien om Kristin Lavransdatter.  Desse bøkene las eg då eg var 18.


Det eg hugsar frå siste boka, var at Erlend flytta frå Kristin.  Eg trudde boka handla mest om klosterlivet og svartedauden.  Det gjer ho ikkje.  Vi får høyre om forholdet til søstra til Kristin, Ramborg, som er gift med Simon. 

Simon elska Kristin til han døydde i armane hennar.  Dette var ho den einaste som ikkje forstod.  Ramborg giftar seg rask på nytt med "en som har tenkt på henne i lang tid".  Ho vart "noget fet" etter kvart.
Elles får vi høyre korleis det går med sønene til Kristin.  Ho får vesle Erlend etter eit forsoningsmøte med ektemannen.  Dette barnet har bygdesladderen gjeve Ulf farskapet for. Dette fører til Erlend sin død under dramatiske omstende. 

Dei fem elste sønene lever opp.  Når Gaute tek over garden begynner ho å føle seg til overs.  Ho vel klosterlivet.  På slutten av livet får ho møte att ein del slekt og vener. 

Sigrid Undset skreiv bøkene i 1920-22.  I 1928 fekk ho Nobels litteraturpris.  Det er det berre to andre nordmenn som har fått; Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg var på biblioteket i dag, og lurte på om eg skulle låne bøkene om Kristin,
men slo det frå meg denne gongen også. Eg er på ein måte redd for å øydelegge leseopplevinga eg hadde som heilt ung. Men det blir vel til at eg tek dei att eingong. I dag var der ikkje mykje å velje i på biblio her.

solveig sa...

Eg har dei her ...

Besta sa...

Dei har dei her nede også.
Skal tru om Knausgård sine bøker kjem på lydbok?

solveig sa...

Dei kjem eg i alle fall ikkje til å lese i papirutgåve!

Janet sa...

I can't read Norwegian but I would like to read your blog about Sigrid Unset and possibly read her trilogy in English.
Janet