søndag 17. mai 2009

17. mai 2009

...kjem nok til å gå inn i historia som ein av dei finaste. Her har vore litt meir skyer enn i går, men varmt og fint.
---
For nokre år sidan fann 17. maikomitéen ut at det var nok med eitt tog. Så no kan ein ta det med ro fram til 12.00, eller sjølvsagt gå til kyrkje om ein ønskjer det. Dagen vert meir komprimert, noko eg set stor pris på.



Olaug spelte i korps.

Håkon gjekk saman med speidarane.





Siste bildet er frå friluftsmøtet ved sjukeheimen der Øystein las dikt.




6 kommentarer:

Besta sa...

Det med å komprimere dagen har eg talt for i 20 år minst, men som vanleg er det ingen som lyttar. Barnetoget stiller opp 9.15-og så blir folk stort sett gåande å drive utover dagen. Men å endre 17.mai-programmet .....?

solveig sa...

Det fungerer fint her. Berre eitt minus, og det er at korpsgjengen ikkje får vere med på leikane, for då spelar dei i toget i Brandal.
Men så vert det berre to tog på dei, og det er kanskje nok.
Vaksenkorpset spelar i gatene om morgonen og.

Besta sa...

Ser på bildet at mange har Sunnmørsbunad. Eg vil hevde at Ørstabunaden er mykje finare,Den liknar veldeig på Sunnmørs-bunaden, men har ikkje forkle(kva skal ein eigentlig med det på ei festdrakt?)-derimot broderiar heilt rundt på skjørtet. Det er sikkert andre skilnader også, men eg har ikkje særlig greie på det. Som du vel veit.

solveig sa...

Ingen av besteforeldra til ungane våre er sunnmøringar. Faren er derimot fødd i Ålesund, og eg kom hit i toårsalderen. No har eg budd lenger her enn i Ørsta. Så vi erkærer Olaug for "ekte" sunnmøring. Stadig fleire skaffar seg bunad nr. to her ser eg, og då vel dei "Søre-sunnmøre". Den har raudt liv og kler godt sølvbelte.

Hildegard sa...

På tide med ein Nordfjordbunad nord for grensa? Både Olaug og Amanda har vel sterke namn/røter frå Nordfjord?
Eidabesta

solveig sa...

Dei får bestemme sjølve! Sogningane stiller sterkt fordi dei syr og broderer. Hm....
Eg får leige meg hjelp.