laurdag 10. oktober 2009

Heimkomen

Øystein er attkomen frå Edinburgh, og eg har fått lov til å legge ut nokre bilde frå byen.









Byen er full av benkar med slike minneplater på.

fredag 9. oktober 2009

Baking etter bok

Eg har sett meg føre å bake meg gjennom ein del av oppskriftene i "Brød fra hele verden". No er det ikkje så lett å følgje oppskriftene slavisk. Eg er ofte anten for rask, eller så vil eg ikkje skitne ut meir eller ha i fullt så mykje salt t.d. Kvifor bruke ei skål til å røre ut gjær og vatn i når du kan gjere det rett i bakebollen? Boka opererer med tørrgjær, men oppgjev heldigvis alternativt hevemiddel, fersk gjær. Men no veit eg korleis eg skal bli kvitt tørrgjæren min; til hevedeig!

For å lage dette brødet, måtte eg kjøpe maltekstrakt. Det vart ei leiterunde i butikken. Den logiske plassen for meg var saman med sirup og andre bakesaker. Men, nei, til slutt fann eg det i vitaminhylla.
Vurdering: Sjølv om eg brukte litt meir mjøl enn i oppskrifta, flaut brødet mitt meir ut enn det på bildet. Men smaken er god, og skorpa sprø og nydeleg!
Kommentar frå gourmetguten: Sånne brød må du lage!

Fruktfest

I dag og i morgon slår Prix-butikken her til med 40% på frukt og grønt. Det må dei gjerne gjere oftare. Eg fylte sjølvsagt handlekorga. Då eg kom heim, kom eg på at eg hadde gløymt å kjøpe purreløk og ananas. Det vert vel ein tur i morgon og.

torsdag 8. oktober 2009

Fekk fiske, men ikkje fisk

I går og i dag har det vore tendensar til fint ver. På veg til Kjelsund i går stoppa eg og kjøpte meg ei sid boblejakke som kan avløyse regnkåpa eg har gått med hittil i år. Karane for på fisketur. Fangsten var heller mager, men vi lid inga naud.

I avisa i Ørsta kunne vi lese at det hadde regna i Follestaddalen 28 av dei siste døgna. Det er ikkje dei 28 som overraskar meg. Sei meg heller kva for to dagar det ikkje har regna!

På heimvegen regna det slik at vi måtte sette vinusviskarane på fullt, og vinden tok godt tak i bilen. Heldigvis er det lite bølgjer under fjorden.



onsdag 7. oktober 2009

Gåvekortet


Det var ikkje vanskeleg å løyse inn gåvekortet på Røyset sko. Utvalet er godt både i sko og klede. I tillegg til desse høge, brune støvlettane, fann eg ein sid strikka "vest". Kor stor del gåvekortet utgjorde av kjøpesummen skal vere usagt, men eg sit att med ei kjensle av at dei gjorde ein god handel. Så får eg kalle meg fornøgd kunde.

tysdag 6. oktober 2009

Te for to

I dag tok eg i bruk tesettet eg kjøpte på Til Bords i Ulsteinvik for ein månads tid sidan. Eine tesilen har eg rett nok teke i bruk før. Sist det var "halv pris på hele butikken", kjøpte eg to tekrus til kaffiserviset mitt.

Tesilane er praktiske på den måten at ein kan røre med dei.
Det er ikkje så ofte eg drikk te når sant skal seiast. Eg er ei ekte kaffikjerring, d.v.s. eg ser på kaffidrikking som ei av mine største laster. Uviljen mot te kjem av fire svangerskap då eg drakk te i staden for kaffi den tida eg var på det kvalmaste. Te og kvalme er derfor kopla saman i hjernen min. Derfor er eg kresen på te. Den sorten vi valde i dag, Roobos, kan eg anbefale på det varmaste. Den likte eg godt! Så får vi smake oss gjennom resten av pakkane.

p.s.
Fotoapparata våre er ute og reiser, så bilda i dag er tekne med mobilkamera. Det er grunnen til den dårlege kvaliteten.

Skvåsjkake

I dag har eg rive eit par store skvåsj og frose ned i porsjonspakkar. Då nytta eg høvet til å bake ei skvåsjkake. Oppskrifta fann eg på Alt godt. Nokon hadde ete opp rosinene mine, men korintane låg att. Så kaka mi vart med korintar i dag. Elles hadde eg malne nøtter i sidan det var det eg hadde i hus. Mi kake vart skuffekake. Kaka vart god den!
Elles så prøvde eg eit nytt produkt i dag; lettfløte som kan piskast. Den vart kjøpt inn fordi den hadde lang halbarheitstid. Maisstivelse skulle gjere den stiv.
---
Det gjekk greit å piske fløyten, og den såg fin og passeleg blaut ut. Men god med lett smak av vanilje? Eg tilsette litt ekstra vaniljesukker, for fløyten smakte omtrent ingen ting. No har eg prøvd den. Heretter vert det kjøpt inn kremfløyte.

måndag 5. oktober 2009

Potetferie

Ein treng ikkje akkurat ferie for å ta opp dei potetene som vert dyrka her i hagen. Det er nok med ei lita friøkt. Men så smakar det godt med det som kjem rett frå hagen! Viss de synest det er få poteter i panna, skuldast det at eldstemann flytta til Førde i dag tidleg. Så no går vi ned i standar norsk familiestorleik (?) på fire.
Etter ein liten feittlekkasje frå ei form i steikeomnen, ville eg prøve eit nytt produkt i dag. Eg synest den vanlege Mr Muscle- omnsrensen luktar vondt. Resultatet med denne nye? Tja, litt feitt gjekk vekk etter ein time. Feittflaka gjekk og vekk, med skrape. Dette produktet kan de la stå att i butikken.

Fasit: Den store skvåsjen måtte på badvekta! 5,3 kg.
Dessverre, må eg nesten seie, oppdaga eg fleire vekkgøymde kjempeskvåsjar då eg rydda åkeren i dag. men ingen større enn denne.



Bok 62: 13 på dusinet


Eg vil ikkje gje meg ut på noko bokmelding av denne romanen. For meg vart den temmeleg "intetsigande". Av meldingane de finn her, vil eg slutte meg til den med overskrifta "lite fengende", men som de ser, folk har ulike meiningar. Viss ein liker Woody Allen- og Scener fra et ekteskaps-liknande filmar, ja då kan de hende ein liker denne romanen.

søndag 4. oktober 2009

Eg skal ikkje klage over veret

Eg kan trass alt velje å vere inne. Øystein køyrde yngstemann på fotballkamp i Tjørvåg i dag. Journalisten for på jobb. Eg har kosa meg inne med lesing og anna. Ja, og så har eg sjølvsagt baka eit brød.


Smuldrepai med eple

Her kjem oppskrifta som er grunnlaget for den eplepaien eg av og til har servert til dessert her. Eg bruker å doble oppskrifta til den store eldfaste forma mi. (Steg for steg oppskrift her)

Smuldredeig:
2 dl kveitemjøl
2-3 ms sukker
1/2 dl malte mandlar/nøtter
75 g smør

500 g eple, i bitar
1/2 dl sukker
(eg bruker litt rosiner i, det syg opp væske frå epla)

1. Bland alt til smuldredeigen i foodprosessoren.
Den skal bli grovknudrete.
Hakk ev. mandlane/nøttene i maskina først.
2. Legg eplebitane og ev. rosinene i forma.
Dryss på sukker og fordel deigen over.
3. Steik ved 225 grader ca. 25 minutt.

Server lunken med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i.

Denne smuldrepaien kan du variere med ulike frukttypar, gjerne i blanding, t.d. pærer, nektarinar, fersken og/eller plommer.

Hadde eg berre hatt eple i hus....
Journalisten flyttar til Førde i morgon, og dette er ein av hans favorittar.

p.s.
Ei lita presisering: Her må du spandere meierismør for å få den gode smaken.

laurdag 3. oktober 2009

Første feriedag - utan friminutt

Strengt tatt er det vel måndag som er første haustferiedag, og strengt tatt kom eg ikkje i gang med husarbeisdet før etter matfriminuttstid. Men etter det har eg stått på i fire-fem timar utan pausar. Det gir resultat. No er her reint og ryddig. Vi har ete god middag og her er ferske brød til kveldsmat. Ungane har til og med baka eplekake til laurdagskvelden. Ute har Øystein skifta dekk, tatt opp poteter og rydda i åkrar og kompostdungar. Vi er rett og slett klare for ferie!

Konkurranse?
Kvart år greier ein skvåsj å lure seg unna innhausting, og når han først har begynt å bli stor, så kan det no vere artig å sette rekord. Planten sluttar då omtrent å bere fram mindre skvåsj, så det er ikkje lurt for avlinga sin del. Men no kan de altså få gisse vekta! Premien er kun "ære og berømmelse".

Kva eg skal bruke han til? Ungane vil spare han til halloween, men eg er redd han rotnar før den tid.
Dagens brød vart bakte etter vanleg oppskrift, men med hevedeig laga i går kveld. Ungane her meiner at runde brød er best.

Lammefrikassé

Inspirert av Wenche sette eg i gang å koke kjøt tidleg på dag. Etter å ha prøvd ulike piratmerke før i veka, satsa eg på midt-norsk, ferskt lam frå Gilde. Der er det og stor kvalitetsskilnad.
I staden for å koke grønsakene saman med kjøtet som allereie var blitt møyrt, tok eg av kraft og kokte grønsakene i den. No vart det ikkje urtesaus her, berre vanleg frikassésaus basert på smør og mjøl. Eg brukte først kraft frå kjøtet, og til slutt kjøt/grønsakskrafta. Først etter eg var mett, tenkte eg at eg kunne følgt rådet til Wenche om å ha i litt sitronsaft. Eg kokar også potetene i ei panne for seg.

fredag 2. oktober 2009

Bok 61: Liv, død og galskap


Eg var i utgangspunktet skeptisk til denne boka, ikkje til forfattaren rett nok. Men når den skal handle om ei ung kvinne som gjer sjølvmord og vaknar opp med skada hjerte slik at ho berre har få dagar att å leve, då lurer ein på om dette kan bli vel sært, sjølv for meg.
--
Men boka handlar om så mykje meir. Psykiatrien får sitt. Fordommane våre vert utfordra. For kva er normalt? Kva gjer livet verd å leve? Skal vi leve for andre?
--
Eg ser at ein av anmeldarane her ikkje likte slutten. Det gjorde eg! Eg synest den var både overraskande og "logisk". Les boka!

torsdag 1. oktober 2009

Eg vann, eg vann!


....nei, ikkje desse plantane.
For å seie det som det er: Eg hadde tenkt å legge dette bildet ut i morgon under overskrifta "Haustferie". Men Olaug og eg har teke ferien litt på forskot. Ho må nok kallast ein pådrivar når det gjeld shopping. I dag måtte ho ha eit par svarte støvlettar til line-dansen ho skal vere med å framføre. Eg reknar med det er i stemneveka.
---
Turen gjekk altså innom skobutikken. Der var alle kundane med i ei trekning om gåvekort. Eg skreiv mitt eige namn, noko eg er glad for no, på ein lapp og tenkte ikkje meir på det. Derimot sat eg i godstolen og tenkte på eit par brune støvlettar og eit strikkaplagg (dei har fine kle der og)då telefonen ringte. Eg var den heldige vinnaren av eit gåvekort på 500 kr!!!! No kan eg berre gle meg til ferie på rett og ny shoppingrunde.

Menneskemat?


Her ein dag kjøpte eg inn ulike lettvinte løysingar på middag slik at ungane kan lage skikkeleg middag når dei kjem heim, i staden for gryn og ostesmørbrød rett før middag. Slik matlaging fører til at ingen er svoltne til middag.
---
Eg veit ikkje kvifor eg treiv akkurat dette merket. Rett nok er eg ein typisk coopkunde, men eg har prøvd karbonadane ein gong før. Eigentleg burde eg ha lært! Desse kjøtkakene vaks i munnen på meg. Dei som kjenner meg veit at eg et det meste. Eg kan ikkje hugse å ha kasta mat fordi eg ikkje likar det eg får. Men desse kjøtkakene vart smugla i bossbøtta. Olaug gjorde det same utan at eg kommenterte det. Karane var ikkje så kresne.
---
Eg kjem ikkje til å kjøpe desse kjøtkakene meir, og blogglesarane er hermed åtvarte!

onsdag 30. september 2009

Lansering

Fotoapparatet mitt eignar seg ikkje til innandørsfotografering på store avstandar. Bilda får berre vere nokre glimt frå boklanseringa i går for dei som ikkje hadde høve til å vere der.


Øystein hadde hjelp frå kompisar til å sy saman program. Øystein las utdrag frå boka og Ulstein mannskor kom inn når dei vart nemnde.

Festen vart avslutta med at dei informantane som var til stades vart kalla fram. Tina song to Vera Lynn songar som var omsette til nynorsk av Odd og Andreas. Eit par av informantane hadde vore på konsert med Vera Lynn under krigen.
Eg må vere litt forsiktig med kva eg har lov til å legge ut på nettet. Der var aviser tilstades, så det kan hende eg kjem attende med ein link seinare.

søndag 27. september 2009

Bok 60: Lettlesne noveller


Denne krimnovellesamlinga er frå 1992.
---
Novellene er ulike, og det vert sjølvsagt til at ein liker nokre betre enn andre. Sjølv har eg spesielt sansen for "Polarsafari" der naturen tek ein grusom hevn.
---
Boka er god underhaldning.
Les gjerne meir her.

Hevedeig/poolish II

I går kveld fann eg ut at eg ville prøve å bruke hevedeig til heilt vanlege brød. Eg brukte 2 dl vatn, 3 dl kveitemjøl og og ei lita ertestor kule fersk deig. Dette tok eg av 1/3 pakke fersk gjær. Om morgonen såg sørpa slik ut.
I brøddeigen hadde eg 1 liter vatn, 6 dl kveitemjøl, 2 1/2 ts salt og ei blanding av grove mjølsortar. Eg har ein plastboks i skåpet med mjøl som eg tek ut når eg skal bake. Eg tek litt av kvart og prøver å tøme nokre posar om muleg.

Maskina knar deigen nokre minutt til han slepper kantane.

Etter 2 1/2 (Ut på tur!) time såg deigen slik ut. Ja, de ser rett; eg bruker ei dusjhette over deigen. Øystein er ingen storforbrukar av slike når han er på hotell, så eg spør pent om han kan ta dei med heim.

I dag forma eg ikkje kuler først, men baka brøda på vanleg måte. Dei heva ein halv time før eg steikte dei.

Konklusjon: Ein slik hevedeig gir raskare heving enn om du skulle bruke 1/2 pakke gjær. Då reknar eg 3 timar. Brøda smakar godt, og får ein fin konsistens. Den einaste ulempa eg kan sjå, er at du må bestemme deg og lage hevedeig kvelden før.

laurdag 26. september 2009

Hevedeig/poolish

Eg har lova blogglesarane å kome sterkt attende med fleire brødbakingseksperiment.

Denne gongen har eg lete meg inspirere av Åpent Bakeri si bok. Når eg seier "inspirere" er det mellom anna fordi eg ikkje kunne tenke meg å ha 25 g salt pr kg mjøl i deigen.

Ein av hovudtankane i boka er at lang hevetid utviklar god smak i brøda. Til dagleg kan det vere vanskeleg å finne denne tida. Men med Hevedeig/poolish kan ein gjere første del av prosessen kvelden før ein bakar eller om morgonen viss ein bakar etter arbeidstid. Eg valde å bruke berre fint mjøl i dag for å sjekke smaksutviklinga. Dei brukar ikkje feitt i brøda.

Hevedeig:
3 g gjær (ca på størrelse med ei ert)
1 dl vatn, 30 grader
1 1/2 dl kveitemjøl

Dette rørte eg saman i bakebollen i går kveld.
I dag tidleg hadde eg i
15 g gjær
8 dl vatn
1 1/2 ts salt
mjøl til høveleg deig

Deigen fekk heve til dobbel storleik. Eg laga to runde emne som fekk heve ein halv time før eg forma brød.

Brøda heva fint. Ein kunne strø litt rugmjøl over for utsjånaden sin del. Eg berre snitta dei før eg steikte dei på 200 grader. Eg sjekka ikkje tida, men eg tippar ca ein halv time.
Brøda utvikla verkeleg ein god smak. Dei smakkar heller søtt enn surt som med surdeig. Dei likna desse brøda.

Gratis ferje

I min oppvekst var vi i Trovågen kvar sommar. Dei første åra var det litt av ei Amerikareise med båt til Bergen først. Ein gong leigde vi til og med småfly. Vi var vitne til vegbygging ein sommar. Som ein kuriositet kan eg nemne at det var onkelen til Øystein (gift med søstra til mor hans) som stakk ut vegane i ytre Solund.

Så starta onkelen min (bror til far min) opp med ferje! Då kunne vi ta bil heilt ut. Eg hugsar plankane som var ferjelem. Dei var tilpassa hjula til kvar bil. Tidene har endra seg.

I dag dukka gårsdagens Firda opp i postkassa, og vi kan lese om gratis ferje frå 1. januar.






Pannekakeprat

Etter ei veke med pannekaker på skulekjøkenet, vart det pannekaker til middag her i huset. Olaug hadde det som ønske før ho la i veg på korpshelg.

I dag fekk eg fullt medhald i at steikepanna må vere varm før vi har i smøret, og at vi må passe på. Dei hadde nettopp høyrt om ein brann som starta fordi nokon gløymde ei steikepanne med smør i. Det er stor skilnad på dei elevane som kan å steike pannekaker og dei som gjer det for første gong. Men dei lærer. Både på skulekjøkenet og heime tek eg fram gamle jernsteikepanner. Og så får eg vise fram den nye gammaldagse steikestaden eg kjøpte for eit par veker sidan. Den gamle takka for seg etter 20 år. Her heime vart det servert bacon og blåbærsylte til pannekakene.

Yngstemann sende nettopp ei melding frå Tropical Island. Han har det bra!

fredag 25. september 2009

Manglande familieplanlegging?

Det har i alle fall kome eit nytt kull med søte små hos naboane!