torsdag 16. april 2009

Lilla Nårje?

I dag låg denne brosjyren som innsmett i Dagbladet. Her kan vi lese at på campingplassen der vi har bestilt hytte til sommaren, er det 30% nordmenn. Det skal visst freiste fleire til å kome.

Er ein heldige med veret, er det ein fantastisk plass med store uteområde og badebasseng for alle aldrar. Er der overskya, er det endå flottare badeland inne. Vi gler oss!


onsdag 15. april 2009

Bok 21: Nynorsk kvalitetslitteratur



Dette er ei bok i serien "Eg har lese alt på biblioteket". Boka ser eigentleg enkel og ikkje spesielt tiltalande ut. Bibliotekaren lovde ny lydbokpakke rett etter påske, så det var berre å ta den ein ikkje har lese.
---
Det seier sjølvsagt mest om meg når eg veit lite om forfattaren.
---
Utgangspunktet for boka er 1964 og forteljaren som er ein 12 år gamal gut. Vi får sjå verda gjennom augene hans. Gjennom det har ser og opplever, forstår sjølvsagt den vaksne lesaren meir. Tidsskildringa er artig, også skildringar av personar og miljø. Under ligg alvoret.
---
Forfattaren er presteson. I boka er han ein vanleg gut, men eine kameraten er presteson. Ei venninne høyrer til sekta. Kva er synd, og kva er ikkje synd? Dette lurer tolvåringen på. Og vi får svar. Forfattaren les sjølv boka, og det er vellykka. Humoren og ironien kjem godt fram. Utlegningane om dårlege heimar er kostelege.
---
Dette er ei bok eg vil anbefale alle å lese, spesielt dei som har minne frå 60-talet. Og eg vil tru at boka er best som lydbok. Her finn de ei god bokmelding.

Gratulerer Eirik!

I dag vil vi gratulere Eirik med 12-årsdagen i dag!

Bilda er frå feiringa i påska!



tysdag 14. april 2009

Frå late dagar til travle tider


Det er merkeleg kor ein kan fylle fridagar med litt husarbeid, litt hagestell, litt baking og litt turgåing. Når ein startar på jobb må dette arbeidet gjerast på ei kort ettermiddagsykt.
---
Som lærar kan ein velje om ein vil lette litt kvardagane på fridagane. Ein kan legge att prøver og stilbunkar på pulten eller putte dei i sekken. Sjølv arbeider eg etter prinsippet om at stress det er alt ein ikkje har gjort. I Mat og helse må ein ha alt praktisk på plass. Sjølv om ein brukar tid på det, er det veldig greitt arbeid. I norsk rettar eg unna ein del, men sparer litt til såkalla fritimar.
---
Med våren kjem også alle fritidsaktivitetane. Øystein har ca tre økter med guttefotball i veka. Eg likar å sjå ungane spele, men innser at eg ikkje greier å få med alle kampar. I tillegg dukkar det opp vaskedugnader, tidtakingsjobbar m.m. Då eg starta bloggen, var det med tanke på å dokumentere aktivitetsnivået i familien. For all del, alt er kjekt, men det kan bli mykje innimellom.
---
p.s
I dagens Jernia-katalog kom eg over eit ord eg måtte lese to gongar.

søndag 12. april 2009

Bok 20: Krimdebut


Eg ser her at dette er debutromanen til forfattaren, og at han vert samanlikna med andre store britiske krimforfattarar. Han har skrive minst sju bøker om krimhelten Tom Thorne. Nokre er omsett til norsk.



Boka har to stemmer, forfattarstemma og stemma til den lamma jenta Alison, lesen av ei kvinne. Dette funkerer flott i lydboka.

Eg likte boka. Ho er litt annleis, og ho er spennande til siste slutt.

Om å skue hunden på håra


Det er visst ny talentkonkurranse på gang.

Dajmiskaker

Når ein først rotar med baking og skitnar ut skåler og vispar, synest eg det er greit å lage to i slengen. I omnen min er det plass til ei 22- cm og ei 24cm-form. I den opprinnelige oppskrifta var det knust dajm. Produsenten har vel fått med seg at mange ønskte ferdig knust dajm, så no får ein kjøpt crisp. Oppskrifta under er slik som mi oppskrift har blitt gjennom åra. Botnen er gonga med 1,5 og fyllet med 2. Eg brukar gjerne nøtter i staden for mandlar, og eg brukar sterk kaffi.
Botn
6 eggekvitar
225 g sukker

225 g malte nøtter (ev. mandlar)

1. Stivpisk eggekvitar og sukker til marengs. Ha nøttene forsiktig i.
2. Fordel nøttemarengsen i former med bakepapir i botnen.
3. Steik ved 180 grader i ca 30 minutt.

Eg brukar å ta av bakepapiret under og vaske "side"formene.
Avkjøl botnane før du lagar is.

Is
2 ts pulverkaffi utrørt i 2 ms kokande vatn

8 eggeplommer
2 dl sukker

6 dl kremfløyte

2 pakkar dajm crisp

1. Kok kaffi. Lat han kjøle seg ned.
2. Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.
3. Pisk kremfløyten til krem, ein pakke om gongen.
4. Bland alt saman forsiktig med slikkepott. Spar litt dajm til toppen.
5. Fordel massen i formene og frys kakene.

Gratulerer Anne Marie!

I dag vil vi gratulere tante Anne Marie med 74-års-dagen!
Vi gler oss til å treffast om knapt 4 veker!
Både mamma og Margrete har skrive om dagens jubilantar, så eg måtte grave djupare i fotoalbumane. Tante Anne Marie vert fødd på mora sin fødselsdag. Det er i dag 100 år sidan farmor vart fødd. På biletet over er det første oldebarnet hennar fødd.
Her står vi framfor huset i Rørdalen der farmor vaks opp som yngst i ein søskenflokk på ni. Eg hugsar vi besøkte Ingeborg ein gong. Elles så hugsar eg dei ugifte brørne som dukka opp i 70-årsdagen. Det var eigentleg dei bilda eg var på jakt etter.

P.s.
Det hadde vore kjekt om nokon i farsslekta hadde hatt blogg og oppdatert oss med nye bilde!

laurdag 11. april 2009

Krig eller massemord?


I dag har vi motteke svært triste nyheiter i nabolaget. Naboguten vår har mist foreldra sine,to systre og ein svoger i eit bombeangrep på Sri Lanka. To yngre søsken er hardt skada. Naboguten er 17 år, og vart sendt til Norge for å berge livet. Her bur han i fosteheim.
---
For litt over ei veke sidan miste ein tidlegare klassekamerat av keeperen 11 familiemedlemar. Her kjenner eg ikkje detaljane.
---
Tamilane følgjer med på internett. Der finn dei lister over drepne. Slik kom namna opp. Dei andre tamilane på Hareid har og familie i same området. Dei høyrer ikkje ifrå dei. Telefonar eksisterer ikkje i teltleirane. Slektningen til guten fekk ein 2 minutts samtale med all informasjon.
---
Vi har sett demonstrasjonane på TV og høyrt om x antal drepne. No håper vi at det kan bli våpenkvile og fred.

fredag 10. april 2009

Meiningsmåling

Eg ser på teljaren at mange er innom bloggen min no i påska. Sjølv tek eg meg ein tur rundt i bloggverda og kikar. Det er sjeldan eg legg att kommentarar.

No håper eg at terskelen for å stemme på ei meiningsmåling er mykje lågare. Så sei di meining til høgre. Min favoritt skal eg ikkje røpe enno, men der er visse hint i bloggen min.

P.s. Det er sjølvsagt fullt muleg å seie si meining med grunngjeving under dette innlegget.

Starta som songar


Det ligg fleire duettar med Robson & Jerome på YouTube.

torsdag 9. april 2009

Påskekrim 3


Siste ord om årets påskekrim er nok ikkje sagt. Her finn de intervju med forfattaren Val McDermid og trailer til Wire in the blood, Arr i sjelen på norsk. Det er dette eg kallar kvalitetskrim.

Skjærtorsdag

I dag har vi feira geburtsdagsbarna i mars/april.

Vi fekk nydeleg hjortegryte, men den vart ikkje fotografert. Dette er berre nokre av kakene. No har vi kome trygt heim att og lurer på om vi kjem til å bli svoltne att.



Kransekake og smellbonbonar er ein sikker suksess.


Først er det på med hatten, og så er det opplesing. Der låg to lappar i kvar smellbonbon, ein med vits og ordtak og ein med gåte/spørsmål. For den yngre garde var det ikkje alltid like lett å skilje dei frå kvarandre.
Nokre vil ha hjelp til smelling.....

...andre til opplesing.

Yngstemann har funne fram påskeegget til barne-TV.

Påskekrim 2


Etter å ha vorte skuffa over årets første krim på NRK, set vi vår lit til TV2. "Retterstedet" som starta i dag, er skriven av Val McDermid, altså same forfattar som "Arr i sjelen".
---
I morgon startar "Mørkemannen" på same kanal. Det vert nok til at vi prioriterer vekk gode gamle Lewis på NRK 1, og håper på at han dukkar opp att på ein annan kanal.

onsdag 8. april 2009

Karamellpudding - steg for steg

I vår storfamilie er vi veldig glade i karamellpudding. Eg begynte å lage det for 15 år sidan, og lykkast frå første forsøk. Det er enkelt, og ein treng berre fire ingrediensar. Eg begynte med å følgje ei oppskrift med 6 dl mjølk. No har eg utarbeidd mi eiga med 1 liter mjølk i ei 2-litersform.
Set forma på ei så varm plate som muleg. Når forma er blitt varm, har du i 1 1/2 dl sukker. Lat det bli brunt. Ta det til side og kjøl litt ned før du har karamell opp etter kantane.

Visp lett saman 8 egg, 3 ms (1/2 dl) sukker og 1 1/2 ts vaniljesukker. Spe med 1 liter H-mjølk.

Sil blandinga i forma.

Set formene inn i omnen i vassbad. Det er lurt å ha i litt vatn først og så etterfylle. Det er greit å ha god tid. Då kan du sette puddingane i kald omn. Det ein vil unngå, er luftbobler i puddingen. Ved låg temperatur og lang steiking, kan det ikkje gå gale. I min omn tek det 4-5 timar med litt over 100 grader.
Du ser at puddingen er ferdig når det kjem små sprekker på toppen. Stikk gjerne ein kniv forsiktig ned i ei sprekke og sjekk at det ikkje tyt ut mjølk.
---
No er det berre å kjøle ned puddingen. I morgon skal vi kvelve han på eit fat.

tysdag 7. april 2009

Påskekrim

Vi har alltid gledd oss til påskekrimseiane i påska. Kvifor det? Er det ikkje krimseriar på alle kanalar året rundt?

Vi forventar framleis at dei beste seriane skal sparast til påske. Det skal vere få episodar over nokre dagar.

Vi har ikkje tatt tak i "TV-problemet" vårt. D.v.s vi har sagt opp parabolavtalen til 1.mai. Kvifor betale 400 kroner månaden når ein berre kan sjå ein kanal om gongen, og det vi ser mest er gratiskanalane, d.v.s dei vi allereie har betalt lisens for? Før kunne vi sjå på kanalar vi tok inn på antenna og ta opp på parabolen eller omvent. Einaste løysinga frå Viasat no var at vi kunne betale 50 kr meir og få kanalane på ein TV til.

I dag sat vi nede på keeperen sitt rom og såg NRK-krim medan vi tok opp Frustrerte fruer oppe.

Kva seier de om årets første krim? VG gav han terningkast 2. Det er for dårleg. Den er annleis. Skodespelarane er i toppsjiktet, men....
Medan andre vaskar og pyntar til påske, rotar vi på. Øystein har malt gangane våre kvite igjen. Ein må nesten det for å få dei reine. Sjølv rotar eg på ute. Beda begynner å sjå fine ut, i alle fall dei fleste.

Når ein snakkar om tidstjuvar, så er vel handling og shopping den verste. I går hadde eg med meg Olaug på kjøpesenter i Ulsteinvik på sein ettermiddagstid. Eg presterte å kjøpe eit plagg til meg i feil størrelse. Lappane må ha hengt så nær at eg har tatt feil plagg. Det er litt vanskeleg for meg sjølv å forstå korleis det går an. Så i dag var det bytterunde. Den tok eg samtidig som eg køyrde konfirmanten på Høddtrening. I staden for å køyre fram og tilbake, fordreiv eg tida i butikkane i dag igjen. Litt kjøper eg, men eg likar også å kike på kva som finst. Litt folkeliv får ein og med seg.

Høyrt utanfor GullFunn på Amfi som var stengt i dag. (Konkurs?) Ei ung dame med barnevogn seier til ei eldre dame, truleg mora; "Ja, viss den stenger, då brenner eg av!" Dette repeterte ho. Hadde det vore eg, så ville sagt at det hjelper nok.

Etter anbefalingar frå Anlen, kjøpte eg dette spelet. Kanskje vi skal ta det med på slektstreff?

Husvask?
Eg fekk ein SMS frå Sogndal: Treng du hjelp med vask til helga?
Hm, då er det berre å kome seg inn på nettbanken.

måndag 6. april 2009

Bok 19:Forutinntatt


Påske er krimtid.


Denne boka har lagt på biblioteket ei tid. Grunnen til at eg ikkje har lånt ho før, er at eg veit eg har sett TV-innspelinga. Men gjer det noko? Så mykje krim som eg ser og les, vert ikkje mykje gløymt?

TV-serien "Arr i sjelen" med psykologen Tony Hill og etterforskaren Carol Jordan kjem høgt opp på lista med mine favorittar, ja kanskje øvst. Og når boka er betre enn filmen, vert dette god krimlitteratur.

Når det gjeld hukommelsen, vart eg overraska over meg sjølv. Det varte ikkje lenge før eg hugsa mordaren. Elles såg for meg stader og personar. Men det gjorde ikkje noko. Mykje går tapt på vegen frå bok til film. No kan eg tenke meg å lese bøkene før filmane.

I kveld vert det britisk krim.

p.s.
Fredag kveld var det ein svensk krim som eg likte. Den opna med eit uhell som hovudpersonen prøvde å skjule. Dette er den verste opninga eg veit. Men ein kunne ikkje forutsjå resten av handlinga.

søndag 5. april 2009

Gutta på tur

For spreke karar er ein tur på Holstadhornet ein liten svipptur.


Eitt ærend dei har, er å sjekke uglekassene. Ugler er nokre kresne leigebuarar. Dei ser seg om nokre år før dei vil etablere seg. I år ser det ut til å vere liv i spurveuglekassa.
---
De har vel høyrt om kattugla? Det var den gongen Håkon fekk oppleve aktivt reirforsvar. Han hadde klatra opp for å kike i kassa då ugla oppdaga han og sette klørne i han. Guten kipte seg og datt ned nokre meter. Øystein var redd for dei ureine såra og ringte legen. Sidan det ikkje var lenge sidan skulen hadde sendt Håkon til lege etter ein skogstur, og legen gav han ekstra stivkrampesprøyte då, var det ingen fare. Neste gong dekte han til halsen og stilte med briller.





Palmesøndag


No regnar det ute.

Keeperen er reist til Sogndal på treningsopplegg.

Olaug er mini-konfirmant og har overnatta i kyrkja i natt. Øystein og eg var til gudsteneste. Olaug las litt av teksten i dåpshandlinga. Nabojenta Julie døypte seg i dag, så det kjem vi til å hugse. Det var fem andre dåpsbarn; Tobias, Nikolai, Simen, Evy Ann og Benedikte.

Øystein og Håkon har fare til fjells.

laurdag 4. april 2009

God påske!

I dag har vi henta fram dei to kassene våre med påskepynt. Eg tvilar på at det vert pynta så mykje med oss i år.

Typisk meg er å finne fram nokre gule fargeklattar som tvoge og oppvaskkost.

Olaug har laga påskeliljer i silkepapir. Dei står i vasen som eg fekk av ei klassevenninne til 10-årsdagen min.



O g til slutt; påskehandduken i Ekelund.

God påske til alle blogglesarane!



Nytt liv av daude gror

Under mottoet "Ein får gjort mykje på ein time", sette eg i gang å røske i beda i går klokka sju. No skal alt det daude vekk. Eg vart så ivrig at eg gjekk glipp av nokre talent.
Eg fann, eg fann! Eg har lurt på om dei kvite "pinseliljene" mine ville kome att i år.

I år som i fjor har eg planta litt forskjellige løkar i pottene mine. Påskeliljene kjem alltid att. Dei vert rett nok mindre, og dei forsvinn etter nokre år. Men med rikeleg påfyll frå grava og frå pottene, har eg alltids nok att. Dei kvite er minst dobbelt så dyre, og eg kjøper derfor som regel berre ei. Derfor er det spesielt artig at dei kjem att.
Nei, no kan eg ikkje sitte her. Huset er vaska medan skodda har letta. Eg rekk nok ein time før middag.



Kongen av komposten?

Nabokatten har funne seg ein kvileplass øvst på komposthaugen. Der er sikkert varmt og godt no, og han har god oversikt. Når han ser fotoapparatet, vert han straks på vakt.

torsdag 2. april 2009

Bok 18: Forteljinga om mor og far

I denne romanen gjer forfattaren det same som fleire før han, og kanskje helst etter han, han prøver å skrive historia om foreldra sine. Noko veit han, men det meste må han dikte.

Språket er godt. Det er herleg å lese god nynorsk. Verre er det med teiknsetjinga. Dei som har lese "Andvake" veit kva eg snakkar om. Kvifor komma? For å følgje ei tankerekke får eg høyre. Ja, vel. Sjølv vert eg dratt fram i forteljinga. Verknaden av punktum er at ein stoppar opp litt og tenkjer. Med denne overdrivne bruken av komma, les eg for fort. Boka vert lett "ufordøyd".

Elles vil eg kalle dett ein grei kjærleiksroman. Som anmeldaren i VG sit eg att med ei kjensle at eg har høyrt mykje av dette før. Sjølve historia er ikkje verken dramatisk eller spesiell. Oppgjer med bygda og bedehuskulturen har eg lese om før, også om mangelen på pengar. Kvifor vel han å skrive om sine eigne foreldre? Han ville hatt større friheit ved å "dikte fritt."

onsdag 1. april 2009

Bok 17: Endeleg!


Det var vanskeleg å kome inn i denne romanen. Undervegs hadde eg lyst å legge den frå meg meir enn ein gong. No har eg lese boka ferdig på rein trass.
---
Eg kom sjølv fram til at temaet i boka måtte "Frå bondesamfunn til moderne samfunn" , eller noko i den dur. Det har dei vel gjort her og.
---
Etter mi meining er romanen overflatisk. Du får høyre litt om kvar person, og der er alt for mange personar. Dei som les lydbøker veit kor vanskeleg det kan vere.
---
Boka er full av personar som forfattaren kunne gått under huda på.
---
Idéen med å ta utgangspunkt i tre familiefestar i tre ulike årstal, er i og for seg ingen dårleg idé.
---
Viss nokon vil prøve seg på denne boka, anbefaler eg papirutgåva.