måndag 5. januar 2009

Eg fann, eg fann


- Kva fann du?
- Kaste dei?
Desse hanskane har kome i hus, kanskje i ein pakke med såper eller liknande. Dei har i alle fall hange på badet ei tid. Kva skal dei brukast til? Å klø seg på ryggen?
Eg kom til å tenke på nokre hanskar eg har sett i kjøkenavdelinga på enkelte butikkar. Då står det potatoes på dei. Kanskje dei kan brukast til å skrubbe poteter? Eg er ein stor tilhengar av vaska poteter, men i det siste har butikkane lagt på latsida og selt uvaska poteter.
Eg tappa lunka vatn i vasken og tok på meg hanskane. Det er faktisk ganske effektivt! Og dei vert heilt reine i vask!

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg er stor motstandar av vaska poteter som ligg under lys i hyllene der dei blir grøne og giftige. Poteter og gulrøter skal lagrast mørkt med molda på!!Då smakar dei best.Skrubbehanskar trur eg at eg har sett før; det går også an å bruke "gryteskrubbar" av plast.

solveig sa...

Det finst grønsakbørstar også, men då vert du ståande å skvette...
Elles kan dei no vaske potetene og legge dei i ein mørk pose.Då er det sjølvsagt ferskvare.
Eg slit på desse til eg vert lei av dei.

Wenche sa...

Jeg er avhengig av sånne i dusjen jeg, men de er sikker fine til poteter også. Er jo ikke så store forskjellen på meg og en potit.

Besta sa...

Sidan hanskane vert selde både på kjøkkenavdelingar og på parfymeri(der eg har sett dei), må dei vere brukande til det meste.

Olaug sa...

Den rosa der er min!....
Ikkje bruk den til poteter!