fredag 15. oktober 2010

Surdeigsbrød ...

I dag har det vore mykje error error på bloggen når ein prøver å laste opp bilde. Løysinga vart å stille bloggen tilbake på det gamle redigeringsverktøyet. Bilda kom dermed i omvendt rekkjefølgje.
No har eg late surdeigen leve sitt eige liv. Eg har lese meg opp på teorien i boka til Schakenda, men bakar utan oppskrift, men litt fritt etter hans metodar.

Eg laga deigen rett etter at eg kom heim. Så fekk han heve i 4 timar før eg forma brødet. Etterhevinga var i 2 timar i dag.

Surdeigen var den siste etter oppskrift. No har eg hatt i 1 dl kaldt vatn og 2 1/2 dl kveitemjøl i resten og sett den i kjøleskåpet for å bremse den litt.
I går kveld la eg resten av den tørka frukta i litt appelsinjus. Netene hadde eg rett i deigen samtidig.
No ligg der eit fjerdedels brød att på benken, så eg håper eg får meg litt til frukost i morgon.

2 kommentarer:

Besta sa...

Dokke lever godt på nybaka brød, her går det i gammalt og tørt. Men i dag vart det ein uventa luksus, for Bodil og Svein kom med Wienerbrød. Det er berre så altfor godt.

solveig sa...

Det er det også oppskrift på i boka .... Vi oppdaga at ungane her ikkje hadde smakt det før då vi åt hotellfrukost i Sverige. Før var det "vanleg" kaffimat. Eg tenkjer alltid på mormor når eg et wienerbrød. Hugsar kvar dei var å få kjøpt på Eid for å seie det sånn.