laurdag 2. oktober 2010

Handlerunde i Hareid

 Brødbakemaskina mi takka for seg for ei veke sidan.  Det er tungvint å greie seg utan, spesielt når ettermiddagane vert aktive.  Dette er mi fjerde maskin av dette slaget.  Dei to første varte i 3 år medan den siste i fire år.  Det kan nok forklarast med familiestorleiken. Konklusjonen er at ei maskin bakar ca 2000 brød.  Eg må og legge til at maskinene vert betre og betre.  Den første ville ikkje bake særleg grove brød t.d.
Desse tulipanløkane kjøpte eg på Spar i går kveld.  Sjølv om eg har jobba eit par timar i hagen i dag, har dei ikkje kome i jorda.  No håper eg på fint arbeidsver, så skal desse plantast.  Fleire vert eventuelt innkjøpt etter kvart.
 På E-design dumpa eg borti eit lite kurs i borddekking.  Det var interessant.  Eg hugsar ikkje namnet på bestikk og glas, men kjente det att frå interiørbloggar.  Tallerkane på eine bordet hadde sølvkant og kunne ikkje vaskast i maskin.  Å vaske bestikk etter eit selskap/ein fest er no ein ting, men finst det folk som kjøper tallerkar som må vaskast opp for hand?  Lysa fann eg på Bellis blomster ved sida av.
 Søndag kveld kjende eg nokre intense smerter i høgre kne.  De føltes som å bli stukke av ein kniv.  Måndag vart det skikkeleg ille.  Kva hadde eg gjort?  Jau, eg hadde vore i Ørsta og traska rundt i høghæla støvlettar!  Eg spøkte med at det berre er ein ting å gjere, nemleg å kjøpe seg nye med lave hælar.  Men onsdag var eg heilt bra att, og eg gjekk framleis i same stølettane.  I går fekk eg svaret.  Eg sette meg i bilen og køyrde over Eidet.  Då fekk eg svaret: Høge hælar gjev ikkje noko god stilling på gasspedalen! 

Støvlettane over var rimelege, men får gjere nytta som bilsko.
 På biblioteket fann eg desse bøkene i dag.

5 kommentarer:

Besta sa...

Gratulerer med ny bakemaskin. Eg hugsar godt då eg tvinga inn på deg den første. Eg var også på biblio i dag. Salvadorena stod der, men eg tok den ikkje med heim.Har fått nok av den forfattaren etter ei bok. Gratulerer med nye støvlettar, har lyst på nye eg også, men må først sjekke om dei gamle held eit år til.

solveig sa...

Eg såg eit par fine høge, svarte ecco i ein reklame, men så kom eg på at eg kjøpte eit par på 1/2 pris etter jul i fjor. Ein kan vere heldig om ein ventar. Eg slit ein del sko.

Anlen sa...

Kjekt med handlerunder:) Eg hadde ikkje tid til å sjekke så mykje på butikkane i dag, sidan vi hadde invitert gjestar til ettermiddagen... Men då sparte eg sikkert dei kronene?

Besta sa...

FØR sleit eg mykje sko og då fekk eg ofte kjøpt meg nye-no varer skoa alt for lenge!

solveig sa...

Anlen du sparte dei vel i dag, men ferien har så vidt starta ...
Forresten så sparer eg ofte pengar når eg gjer kupp t.d. ;-)
Kjekt å sjå så mykje liv i butikkane her i bygda!