Dette er ei bok for folk som har sansen for leiking med språk. Sjølv er eg sjølvsagt i denne gruppa. Men eg hadde ikkje lese så sider før det vart too much, for å seie det på godt norsk. Boka vart lagt til side.
Så vart eg vikar i ei åttandeklasse som hadde leseprosjekt. Etter at eg hadde fått alle elevane i gang med lesing, sette eg meg til å lese i mi eiga bok. Akkurat då eg heldt på å gå lei att, kom eg til kapittelet om fru Johnsen s. 94. Dette kapittelet kan stå som eit sjølvstendig stykke. Om de kjem over boka på eit bibliotek, så les kapittelet om den dama som har øydelagt mest for nynorsken, Inger Lise Andersen.
Eg synest forfattaren skriv godt og morosamt, men eg meiner han har valt feil sjanger. Når denne romanen til og med skal vere den første i ein trilogi, vert det, ja, rett og slett too much.
Les kva Samlaget sjøl skriv her.
2 kommentarer:
Lurer på om eg ikkje har høyrt denne forfattaren i Aasentunet ein gong. Då las han frå ei morsom ungdomsbok. Synest eg kjenner han att.
Det stemmer sikkert. Dette er hans første vaksenroman. Han er morosam, og han er ein ordkunstnar ...
Legg inn en kommentar