onsdag 18. august 2010

Sei i karri

Eg har bladd litt i denne kokeboka og funne fram ein typisk 80-tals-rett, nemleg sei i karrisaus.  Det å ha karri i sausen vart vel rekna for heller eksotisk den tida seibiff var det ein laga av sei. Eg trur ikkje ungane her i huset hadde smakt retten før, men det glei ned på høgkant.  Eine seifileten min viste seg å vere lyr, noko som ikkje forringa retten.  Som kommentar til oppskrifta i boka, må eg berre nemne at det er heller upedagogisk å skrive som punkt tre eller fire: "Halvtin dypfyst filet". Det burde stå som førebuing!  Punkt ein er å sette på poteter eller ris ...



Sei i karri
ca 600 g seifilet
3 ms kveitemjøl
2 ts salt
1/4 ts pepar
1(++) ms margarin eller smør til steiking

2 1/2 dl matfløyte (eg blanda kremfløyte og heilmjølk)
1-2 ts karri

1-2 løk
1-2 ms margarin eller smør til steiking

Vend fiskestykka i blandinga av mjøl, salt og pepar.
Brun fiskestykka pent i steikepanna.
Steik løken i ei lita steikepanne ved sida av.
Rør ut karrien i fløyte og hell over fisken.  Legg på bruna løk.
Lat retten trekke i ca 5 minutt.
Server med kokte poteter eller kokt ris og ein grøn salat til.

Retten er rask å lage. Poteter og fisk vart likt ferdig. Så denne lagar du på ein halv time som boka lovar.

2 kommentarer:

Alt godt sa...

Eg fekk ein gong servert sei i ein saus laga av eit glas sursøt saus og eit beger seterrømme. Det smakte faktisk veldig godt. Det var nok salta og pepra litt, men uansett var det ein veldig enkel saus. Eg har ikkje prøvd å lage det sjølv, men det bør eg kanskje ein dag. :-)

solveig sa...

Sikkert ein god kombinasjon! Ungane her er meir glade i fløytesausar enn sursøte sausar. Men ein slik kombinasjon trur eg ville falle i smak.