fredag 6. august 2010

Bjerkebæk


På turen til Kongberg legg vi ofte inn eit stopp.  Mange turistar kjem til Gudbrandsdalen for å sjå alle attraksjonane, medan vi ofte susar forbi.  I år valde vi Bjerkebæk, Sigrid Undset sin heim.  Den har ikkje vore open så mange år.
Det var ikkje vanskeleg å finne fram.  I staden for å ta av til Mc Donald's/Stortorget i rundkøyringa, tek ein av til Olypisk museum og Bjerkebæk.
Ein kjem først inn i museet der det er utstillingar og kafé. Ein kjøpte billettar til guida tur inne i husa og ute i hagen.  Omvisinga tok ca. ein skuletime. 
Eg synest dette var svært interessant.  Berre ein ting er eg misnøgd med.  Det var fotoforbod inne, og ho hadde to komfyrar eg svært gjerne skulle hatt i fotosamlinga mi.  Den eine var ein liten elektrisk bakaromn som eg aldri har sett makan til.  Den var liten, og vart mest brukt til å steike dei berømte fyrstekakene hennar i, vart det sagt.

P.s.
Viss det finst ein person som har bilde av komfyrane, eller er meir frimodig enn meg (eg var inne på tanken å snike meg vekk litt) så ta kontakt!

2 kommentarer:

Besta sa...

Synd ikkje eg var med, for eg har frekkhetens nådegave. Og røyner det på spelar eg "forvirra gammal dame" som ikkje verken ser eller høyrer. Eg hadde utan tvil fått bildet eg ville ha.

solveig sa...

Gjer det! Trikset eg kunne ha prøvd, var å sakke litt akterut ...
Skulle vore meir frampå, men det er lett å vere etterpåklok.