laurdag 13. februar 2010

No igjen

Eg har vore i tvil om eg skulle vise blogglesarane at eg har gjort det igjen: Kjøpt ny steikepanne.  Eg har til gode å kome over ei steikepanne med eit belegg som varer.  Jamiepanna mi kan ikkje brukast til eggerøre lenger.  Men eg kan no slite på den til kotelettar og liknande.

På skulekjøkenet kjøpte vi slike Nowopanner for eitt år sidan.  Dei har halde seg fine.  Eg ser også at Wenche bruker dei på Frukost-TV. 

Nyepanna mi er 28 cm i diameter og har 7 cm høge kantar. Kapasiteten skal vere på 3,5 l.  Handtaket kan takast av.  Det kan vere greit både til servering og dersom ein vil putte den i steikeomnen.

4 kommentarer:

Besta sa...

Her går steikepannene unna som varmt kveitebrød, for å bruke eit lite høvelig uttrykk. Det einaste som held i lengda er malmpannene, dei andre held ikkje det dei lovar. Så no er eg spent på den du har kjøpt.

solveig sa...

Eg og! I dag brukte eg den til sei i løk- og paprikasaus. Til det er ikkje jernpanna så god. Denne sorten med høge kantar har eg ikkje hatt før. Glasloket til grautpanna mi passa, så eg kjøpte ikkje eit lok til.

Alt godt sa...

Det er genialt å kunne sette den inn i omnen, eg gjorde det med røstipoteter for ei stund sidan, reiv poteter og sellerirot, krydra og la i panna med godt med olivenolje. Det fekk litt farge på kokeplata først, og så ettersteikte eg det heile i eit kvarter i omnen - då var det ferdig.

Eg syns alltid røsti har vore vanskeleg, det vert enten for lite eller for mykje futt på plata. Med steikepanna i omnen vart det akkurat passe.

solveig sa...

Det har eg aldri prøvd å lage. Det er bra det snart er ferie!