torsdag 11. februar 2010

Bleik om nebbet?

Frøkna følgjer med eit program som heiter Dyrlegene.  Då vert det til at mor kikar bort på programmet i ny og ne.  I går sette ein fotballkamp stoppar for yndlingsprogrammet, men ho var tidleg oppe i dag for å få det med seg i opptak.

Ser de undulaten?  Han vart operert i gårsdagens program.  Vengene vart teipa og han vart lagt i narkose.  Etter operasjonen utbryt ein lykkeleg eigar, ein mann eldre enn meg: "Se, nebbet har skiftet farge!".  Det er då eg lurer på om uttrykket bleik om nebbet kjem av noko heilt konkret?

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har no tenkt meg at "nebbet" i dette uttrykket var eit anna uttrykk for ansiktet, men kven veit? Elles så ser eg litt på dei dyreprogramma og synest eigentlig dei reparerer litt for mykje på dei stakkars dyra.For mange kvinnelige dyrlegar, kanskje?

solveig sa...

Det har eg og trudd! Eg forstår at fol vil operere på store dyr, men der går ei grense ein stad. For meg vert det absurd å operere rotter når folk i verda lever i slum.

Besta sa...

Slik tenkjer eg også. Når eg ser for meg alle barn rundt i verda som ikkje får legehjelp, så blir det absurd å ta dyre operasjonar på kjæledyr som ikkje lever så lenge uansett.