


Eg vil ønskje alle blogglesarane eit godt nytt år!Her lagar Øystein middag, pinnekjøt som på julaftan.
Eg dekkar bord og lagar dessert.
Olaug har lenge masa på meg om at ho har lyst til å sy. Eg har vore skeptisk til å sleppe henne til på mi gamle, elektroniske Husquarnamaskin. Så då dei hadde tilbod på Lidl, slo vi til og kjøpte henne ei til jul. Ho sydde fort opp dei stoffbitane eg hadde liggande.
Behovet var stort for eit litt større, passeleg vanskeleg prosjekt. Eg hadde ei holete dongeribukse liggande. Den har no vorte sydd om til eit handlenett. Ho fekk hjelp til klipping og handtaka, elles har ho styrt på sjølv. Kanskje det vert meir dekor seinare.
I dag er det 2. dag av Grendacupen. Verken Kattekvinnene eller FC Goalgetters er utslåtte enno. Cup er Cup som det heiter. Eg har sendt Øystein på kiosk- og vaskedugnad medan eg har gjort ein innsats med vask i heimen.


3. juledag er det julefest med "mat på fat" og dessutan skal det leverast sjokoladeskuffekake til Grendacupen. Eg føler meg av og til litt gniten når eg kjem med skillingsbollane mine. Det er liksom litt enkel og rimeleg mat. Men det skal ofte ikkje meir enn ei rosin til , før nokon "ikkje likar". Og det var nok eitt av dei første fata som vart tomme.
Denne sjokoladekaka lagar eg ofte når eg skal gi frå meg ei kake. Er det nokon som har geburtsdag, kjøper eg inn rikeleg med smågodt, gjerne hjerter til jenter og "daudningehaud" til gutar. (Er det lov?) Kaka er ei surmjølkskake som er kjempeenkel å røre saman.
Sjokoladekake m/kefir
(stor langpanne ca 5 l)
11 dl kveitemjøl
5 dl sukker
3 ms kakao
4 ts narton
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker
1 l kefir
300 g smelta margarin
1. Set omnen på 200 g.
2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.
3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.
4. Bland saman det tørre.
5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.
6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.
7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.
Glasur:
100 g margarin
2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i 1/2 dl kokande vatn)
1 ms kakao
1 ts vaniljesukker
250 g melis
1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.
2. Sikt i resten av ingrediensane.
3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.
4. Pynt kaka etter eigen fantasi.
Eg har prøvd ut mange surmjølkskaker, og kome fram til at denne er den beste. Eg brukar kulturmjølk, sjølv om enkelte meiner det må vere kefir. Oppskrifta er skriven for nybyrjarar. På skulekjøkenet skal det gå fort, heime steiker eg den oftast på 180 grader 1 time.
I Vossamat er det mykje norsk historie. Det er nesten så eg ikkje trur alt kan vere sant.
Frå årestove til vedkomfyr. Kan det verkeleg stemme at vedkomfyren vart vanleg berre for vel 100 år sidan?
Her er mykje tankevekkande stoff. Kvardagsmaten var temmeleg enkel.
Men skilnaden på fattig og rik var stor.


Dette er ikkje berre ei kokebok. Det er ei reiseskildring med mange flotte bilde. Den inneheld fakta om krydder og oppskrifter og ikkje minst skildrar Andreas Viestad opplevingar frå reisene sine. Han krydrar med personlege meiningar.


I går stakk eg innom ei venninne. Ho hadde funne oppskrifta til Brasiliansk fruktkake på bloggen til mamma. Genial oppskrift, var hennar kommentar. Ho hadde hatt oppi "det ho hadde" og laga den i avlange former. I dag laga eg kaka med det eg hadde (kjøpt inn), paranøtter, dadlar og aprikosar. Forma mi er ca 5 liter og høver godt til dobbel porsjon. Seinare kan eg dele den opp i så store bitar eg vil.
Som de ser er julebaksten i gode hender her i huset. Olaug likar godt å bake. Berre ho får ein ferdig deig, ordnar ho resten.




