laurdag 23. oktober 2010

Yndlingsretten min

Lammesteik er noko av det aller beste eg veit!  I dag steikte eg to relativt store lår, kvart på 3 1/2 kg.  Eg sette omnen på 175 grader.  Det går som regel greit.  Dei vart ikkje svidde som det ser ut på bildet.

Til dette serverte eg poteter, grønsaker og brun saus (med ein kopp kaffi m/ fløyte i) og litt forskjellig tilbehør (sølvløk, sylteagurkar og tyttebærsylte).

Besta kom med dessert. Karamellpuddingen fekk konkurranse, for å seie det slik.
Elles kom systra mi med oreokake som vi serverte til kaffien.
No sit eg her og lurer på om eg nokon gong vert svolten att.

P.S.
Det vart lite fotografering av vertinna i dag.  Her får vi satse på systra mi.

7 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette såg veldig godt ut! Har ikkje heilt fått med meg kva de feirar?

arieldog sa...

Feil oreokake-oppskrift på lenkja - i dag var det Kristins variant... Tusen takk for oss, for nydeleg mat og hyggeleg prat!

solveig sa...

Eg oppdaga det med oppskrifta, men let det stå ...
Vi feira eigentleg ikkje anna enn at vi samlast. Jusstudenten er heime frå Oslo i helga, så det er kjekt for alle å treffe han.
Elles hugsar vel Strikkemor(o) samlingar med det Eidabesten kalla "aktive dessertbord" ...

Elin sa...

No fekk eg skikkeleg lyst på eit familietreff, eg og. Kanskje eg sjølv lyt ta initiativet? Problemet er at "mine" folk er litt treige, dei er redde for ferja. Ganske deprimerande. Beklagar at eg forstyrra deg i dag, hadde ikkje fått med meg at du venta besøk!

solveig sa...

Du forstyrra ikkje! Eg hadde god tid. Dessverre kunne eg ikkje vere mykje til hjelp ...

Hildegard sa...

Enig i at steikt lammelår er godt og det blir herleg saus av krafta.
No får ein kjøpt utbeina ferske lammelår på bl.a. Mega, så det blir enklare å skjere opp i skiver.
Då eg var lita, tykte eg ikkje noko om lam/sau anna enn som spekemat/pinnekjøtt. Kanskje det kom av at vi kosa med dyra i fjøset? Sterkare smak enn på svin/storfe. No blir ungane meir van med alle slags sterke smakar gjennom sausar, krydder, chips etc.
Eidabesta

solveig sa...

Svinekotelettar og svinesteik er billeg og tilgjengeleg året rundt. Ferske lammelår er meir sesongmat der eg handlar i alle fall. Og som du seier, det er noko med bjøllesauen, om ein har kjendt han ...
Ungar no til dags er vane med å ete mykje meir variert enn før!