laurdag 9. oktober 2010

Dyrking av hobbyar

 I dag har eg dyrka to nyttige hobbyar, bokstavleg talt.  I hagen har eg brukt saksa ein del og fått klipt vekk visne vekstar.  Litt mold har dei fått og.  Purpursolhatten, som eg flytta på seinsommaren, er på sitt finaste.
 Aloha.



 Dei av plantane i krukkene som eg trur har ein sjanse til å overvintre, har no kome i jorda.  Nellikar kjem att år etter år.
Potteroser kan ein vere heldig med. 
 På kjøkenet dyrkar eg surdeig.  Det har kome bobler.
Eg følgjer oppskrifta så nøye at eg også veg vatnet.  Den nye deigen skulle vere i rein bolle med plastfolie.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har bestemt meg for at det er for tidlig å ta vinterrydding i hagen, det er for mykje som blomstrar enno. Derfor låg eg på altanen med Knausgård 3- men måtte lese om att heile plata i meir vaken tilstand etterpå. Forresten har eg kjøpt 2 posar speltmjøl i dag. Ikkje direkte billig.

solveig sa...

Eg har berre klipt vekk visna ting og tømt nokre krukker. Insser at ettermiddagane vert kortare, og at den første frostnatta kjem fort etter ferien ...