laurdag 16. oktober 2010

Bok 45: Så 80-tals!

Det er ikkje berre interiør som går ut på dato...

Denne boka har eg rett og slett lese i feil lys. Eg har ikkje forstått kvifor ein så kjend og kjær forfattar har fordjupa seg i kvinnelagnader frå 40-80-talet. Det vil seie, ikkje før i dag då eg skulle finne bilde av boka. Då først oppdaga eg at boka er skriven i 1982.

Bokmeldinga har eg hatt klar i hovudet siste døgn. Eg synest valet av hovudpersonar var merkeleg. Elendigheit vert det heller ikkje slutt på. Så snart Eivor kjem seg ovanpå, så får ho eit slag i trynet. Der er heile tida eit men. Det heile er "trøsteslaust"! Kan ein person verkeleg ha gått gjennom livet utan ein eller annan gong ha vore oppe i skyene?

Les ein boka i lys av 80-talet i staden for 2010, så kan det hende ein ville følt det annleis. For all del, eg har kosa meg med dei 18 CD-ane. Ein vert gripen av lagnadane. Språket er godt, men ...

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har ei plate att av Potensgiverne, så skal eg begynne på denne. Viss eg ikkje likar den, gidd eg ikkje å lese heile.

solveig sa...

Forteljinga driv boka framover, så ho er lettlesen.