måndag 4. oktober 2010

Bok 44: Sjanger: Spionar og agentar

Dette er ein kriminalroman i serien om  Hamilton.  Handlinga går føre seg i fleire land, og fleire presidentar er innblanda, noko som er vanleg i desse bøkene.

I utgangspunktet har eg ikkje sansen for at born av hovudpersonar i verken serieromanar eller fjernsynsseriar, vert kidnappa.   Men Guillou skriv godt, og ein vert dradd inn i handlinga.  Her vert det ikkje spart på effektane.

Små spark hit og dit krydrar romanen.  Eg let meg underhalde!

De må gjerne lese meir her.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har aldri lese noko av denne fofattaren, men kanskje eg skal prøve? Du kan no legge den inn på MP3 en min, så eg kam ha den i reserve. Eg står først på ventelista til Knausgård 3, innleverinsfristen til den som har den no er 9.okt.

solveig sa...

MP3-lydbøkene har eg dessverre levert inn att. Dei ligg ikkje på dataen ...