fredag 6. august 2010

Sett og høyrt

Når ein er på tur, ser og høyrer ein mykje interessant.  Noko er morosamt medan andre ting er heller tragisk.  Dette skiltet avspeglar dialekten i Skjåk reknar eg med.  Reint estetisk skulle dei gjort noko med krusedullen på j-en slik at kj ville henge betre saman.

Plakatar er eit tema for seg.  Ved inngangsdøra på teltet på Norway Cup hang det ein plakat med VARENE ER ALARMERT.  Eit firmanamn eg har sansen for er HURTIG-GUTTA.  Dei dreiv og leverte noko.  Ein får berre håpe dei lever opp til namnet.

Det er tragisk å sjå alle tiggarane i Oslo.  Dei norske har vi sett mange av før.  Dei har laga seg plakatar med "gi litt penger til en norsk uteligger".  Eg sat også og studerte litt på korleis desse rumenarane, eller kva ein kallar dei, opererer.  Fleire gongar såg eg damer tigge boksar med drikke frå unge norske jenter.  Vidare bomma dei røyk.  Når jenta snudde ryggen til, drakk dei resten.  Elles gjekk dei rundt og grov i bosset etter panteflasker.  Om kvelden samla familien seg.  Nokre av mennene hadde slike sølvdressar på seg.  Slike dei står i ro i.  Men dei hadde ei bjelle for å famge oppmerksomheita til born som går forbi.  Kven som var inni Ole Brum-dressen, veit ikkje eg.  Men han ville ha pengar i krukka si.

For nokre år sidan sat eg på ein benk og høyrde om att og om att same melodien på eit trekkspel.   Det er enerverande!  Dei var der i år og.  Ein kan berre slå fast at dei ikkje kan spele.  Ny av året var ein kar som ikkje kunne spele blokkfløyte.

På bussen fekk ein høyre tips til barneoppseding.  Ei dame sat og la ut om korleis ein skulle få born til å oppføre seg på bilferie.  Det var berre å setje dei av og køyre vidare og ikkje hente dei før ein var sikker på at dei hadde lært.  Eg klarte å halde meg!  Men eg hugsa godt den bilturen på 60-talet då sjåføren trua med å sette oss av om vi ikkje heldt fred.  Eg drøymde om det slik at eg ikkje fekk sove neste kveld.  Heldigvis sa eg det til mor mi slik at ho fekk forklare at det berre var slik han sa.  Eg var nok ikkje van med tomme truslar.

Eg kjem attende med fleire bilde frå Oslo etter kvart. 

6 kommentarer:

Besta sa...

Eg lurer på kva som gjer folk så "desperate" at dei reiser til Norge for å spele trekkspel når dei ikkje kan ? Og korleis er det å komme hit frå eit fattig land og sjå rikdommen her? Har dei ikkje andre utvegar. Ja, eg berre lurer. Skiltet frå Skjåk er fint, og det er artig at folk brukar dialekt. Men det bør helst vere ord som folk flest forstår.Tenkjer på HÅR-STUGU på Vågå. Kven var den sjåføren? Faren din, eller?

solveig sa...

Nei, han hadde ikkje setifikat då, og truglane han kom med, var ikkje tome. Hugsar ikkje kva han heitte, berre at det var ein badetur.

Elin sa...

Mykje tragisk å sjå på Karl Johan! Vi hadde oss spasertur på Grønland, der såg vi ikkje noko gale...

solveig sa...

Der er koseleg! Og mange butikkar med god frukt og gode grønsaker!

Besta sa...

Lurer på kva tid eg skal få sjå meg om i Oslo. Har alltid hatt lyst å sjå Grønland.

Besta sa...

Då veit eg kven sjåføren var, han heiter Knut Petter......