torsdag 12. august 2010

Rosestiklingar steg for steg

Eg har fått spørsmål om ein verkeleg kan formeire roser sjølv. Eg har i alle fall gjort det. På nettet har eg funne ut at den vanlege måten å formeire rotekte roser på, er å ta stiklingar.
Først får rosene pynte opp inne.  Eg veit ikkje om det er nødvendig, eller om ein berre kan ha dei rett i jorda.  Eg meiner eg har gjort begge delar.
Når rosene begynner å drysse, kuttar du hovudet av dei og set dei i jorda.  Rosene må ha to bladsett.  Pass på å vatne første dagane om det ikkje regnar slik som i natt.
Dette er ei rose frå i fjor.  I dag oppdaga eg ein knupp!  Eg fyller på med kugjødselkompost om våren.
Denne Aloharosa er to eller tre år gammal.  Ho står på kanten av skvåsjåkeren og får mykje god kompost- og kugjødselkompost.  Det er frå denne planten rosene er plukka.

Viss eg er heldig, får eg ein del roser etter kvart.  Eg gjer ikkje dette for å "spare" eller "tene".  Eg gjer det fordi det er artig å få det til.  Blogglesarar må gjerne kome med kommentarar, råd og tips.  Eg er amatør!

4 kommentarer:

Besta sa...

Pointet er vel at det må vere rotekte roser, ikkje poda.

solveig sa...

Ja, elles vert det vel berre villskot?

Elin sa...

Dette ser veldig spanande ut! Korleis går det med den andre stiklingen, står det til liv?

solveig sa...

Han har kome i mold og fått plastposedrivhus over seg. Håper han røter seg.Kanskje han må få sitt eige blogginnlegg ...