laurdag 7. august 2010

Hannes eplekake

I dag fekk eg lyst til å bake ei eplekake.  Eg kjøpte ein pose Granny Smith i går.  No har eg mange oppskrifter på eplekake.  Dette er ei av dei eg kjem attende til.  Den kjem frå ei bok frå Meierienes prøvekjøkken.  Og her er det meieriprodukt som tel: Hugs ekte smør!  Her er oppskrifta slik ho står i boka.  Eg kommenterer under.

Rund form 24 cm.
Botn:
100 g smør
150 g sukker
1 egg
75 g kveitemjøl
100 g sammalen kveite
1/2 ts bakepulver

Fyll:
3 eple
3 dl seterrømme
1 egg
50 g sukker
1 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker lyst og luftig og tilsett egget.  Bland mjølet med bakepulver og smuldre alt lett saman.  Trykk deigen ut i ei smurd form.

Skrell epla og del dei i bitar.   Fordel eplebåtane over botnen.  Rør saman resten av ingrediensane til fyllet og hell blandinga over epla.

Steik ved 175 grader i ca. 30 minutt.
Eg liker ikkje å bake små kaker, i tilfelle steiker eg to i slengen.  I dag dobla eg oppskrifta i ei 28 cm form sidan eg ventar mange gjester.  Eg forlenga steiketida til ein time.  Eg kunne nok ha skrudd ned temperaturen mot slutten.  I oppskrifta står det sammalen kveite, grov - eg bruker alltid sammalen kveite fin.  Elles så trykte eg 8 eple ned i forma.  Når det gjeld eplekake gjeld det å ha i rikeleg med eple.  Dei krympar.

Servér eplekaka lunken med mjukpiska krem.

P.S.
Eg har sett på bakeprogramma på NRK.  Der bruker dei mykje tid på å klippe til bakepapir i botnen av springformer.  Kva gjer blogglesarane?  Eg set forma på bakepapiret og klemmer til.  Etterpå riv eg vekk det som er for mykje.

3 kommentarer:

Anlen sa...

Eplekake er snadder!
Og eg gjer bakepapiret enno enklare enn deg... Eg legg papiret over botnen, festar på ringen, og let det vere nokre stygge hjørne som er til overs;) Det fungerer også!

solveig sa...

Eg reiv vel litt rikeleg fordi eg skulleta bilde ...

Anonym sa...

Prøv absolutt med sammalen kveite. Det er fantastisk godt! (Vert litt som nøttebotn.) Får alltid skryt av denne kaka.

Angåande bakepapir. Eg let det vera att litt papir rundt forma. Når eg sidan skal ha kaka over på fat løysnar eg kakeringen, snur botnen på forma opp ned og legg han under kaka igjen. Så vrenger eg papiret under botnen medan kaka får gli forsiktig over på fatet. Slik slepp ek skjemmande papir på serveringsfatet på alle slags kaker.