laurdag 14. august 2010

Frysartips

I pedagogikken heiter det at ein ikkje skal gje andre råd enn dei ein vil følgje sjølv.  No har eg rydda og vaska to frysarar, og kjem her med nokre gode, håpar eg, råd om kva ein bør fryse og kva ein ikkje bør fryse.

Bær
Frys gjerne ned rips og andre bær til dessertar og kaker. 
Å fryse ned bær- og frukt som ein skal safte og sylte seinare, verkar som ein god idé, men mi erfaring er at det er lurare å fryse ned rørte bær og gjerne også saft.  Sur saft kan ein fryse og blande i litt kjøpt solbærsirup for å få litt sukker i.  I fjor laga eg søt  saft i saftkokaren som eg hadde på 3/4 fulle flasker og fraus.

Fangst
Alt som ein fiskar og skyt sjølv, er sjølvsagt greit å fryse ned.

Kjøt

Svinekjøt er rimeleg og tilgjengeleg ferskt heile året.  Frys ned minst muleg.

Lammekjøt er rimeleg i sesongen og kan derfor løne seg å fryse. Lammelår kan tinast og brukast også til gryterettar.  Så det kan det vere lurt å sikre seg om hausten og før påske til 59 kr pr kg.

Oksekjøt varierer også i pris.  Og ikkje minst kan det vere vanskeleg å få tak i.  I vinter hadde dei fersk oksekjøt med bein til 89 kr kg.  Dette har eg angra på at eg ikkje sikra meg meir av til suppekjøt.  Biffkjøt finst heile året og er best ferskt.

Kalkun er rimeleg til jul.  I fjor kjøpte eg eit par som eg tina litt og delte opp.  Det løner seg.  Eg kom vel til at du betalte det samme for ein heil kalkun som for filetane.  Då hadde du lår du kunne steile og bein til kraft. 

Kylling kjøper eg ofte frosen.  Kyllinglår er enkel og rimeleg middag.  Kyllingfilet er også å få kjøpt rimeleg. Her gjeld det å ikkje kjøpe meir enn ein et etter kvart.

Is
Eg som regel nokre boksar is i frysaren i tilfelle nokon skulle stikke innom på ein kopp kaffi. Ispinnar kjøper eg berre når eg ventar besøk av born.

Grønsaker
I ein stor familie går det ein del grønsaker.  Med unntak av grøne erter, vert det brukt lite frosne grønsaker her.  Men det høver godt for einslege og små familiar.  Dersom eg får stor skvåsjavling, brukar eg å raspe oerskotet og fryse ned i 400 g-porsjonar.  Desse brukar eg i t.d. lasagne og bolognese.

Anna
Kva anna fyller ein så frysaren med?  Ein kan gjerne rive osteskorper og fryse ned før dei myglar. Desse osterestane kan ein bruke til pizza t.d. Anna mat kan ein og berge.  Eg frys aldri ned middagsrettar eller fløyteskvettar.  Då lagar eg heller resterettar som t.d. vaflar. Fløyte og rømme er godt å putte i supper og fiskerettar eller rett og slett i risgraut. Middagsrestar går som regel med til kveldsmat, eller til middag neste dag.  I dag fekk han som ikkje et fisk, lasagne frå i går. 

No står det berre att å følgje sine eigne råd.  Blogglesarane må gjerne supplere med eigne erfaringar!

Bildet over er av dagens middag - halvlaga.  Grønsaker i botnen.  Seifilet som er krydra og salta.  Sitron og meierismør høvla med ostehøvel.  Ha folie over og steik ved 200 grader ca 40 minutt.

6 kommentarer:

Besta sa...

Du har ei stor hushaldning, og handlar deretter. For små hushald er det litt andre reglar som gjeld.Mi erfaring er at ein har ein tendens til å fryse ned for mykje mat, det meste er betre FØR det har vore i frysaren.Mitt einaste gode tips er å lage store porsjonar av t.d. kjøtkaker, fiskekaker, etc.Det er ikkje meir arbeid enn å lage ein liten porsjon. Elles brukar far din å koke kjøt og erter til ertersuppe og fryse ned. Så er det berre å ta den opp og tilsette grønsaker.

solveig sa...

Jaudå, eg har putta heimelaga fiskekaker i frysaren. Ertestuing og kokte bønner er og greitt å fryse. Det kjem nok eit oppfølgjingsinnlegg ...

Besta sa...

Det gløymde eg å nemne: Vi kokar 5pakkar grøne erter i gongen og lagar erterstuing som er noko av det beste Nils veit. Vi frys i passelige porsjonar til to. Blir vi fleire til middag, er det jo berre å ta fleire porsjonar. Her sparer ein seg både tid og arbeid, men det viktigaste er at ein har det"for hånden".

Anonym sa...

Eg lagar alltid veldig mykje fiskegrateng når eg set i gong. Noke er dagens middag, og eg steikjer det i eldfast form. Resten fyller eg opp i eingongs aluminiumsformer, dei med ca 4-5 cm høge kantar. Eg har kjøpt av dei som har papir-lokk, eg pakkar dei alltid inn i plast, sidan det ikkje vert skikkeleg tett. Veldig raskt og enkelt og ein får ein skikkeleg middag på same tida som potetene treng å koke.
Noke anna lurt eg gjer (syns eg iallefall sjølv) er å klippe opp grasløk og ha det på sylteglas med tett lok. Dette frys eg, og me har grasløk til omelettar og div utover vinteren.

solveig sa...

Gode tips!

solveig sa...

Eg ser at eg har gløymt bakst! Framhald følgjer! Kom med fleire tips!