søndag 29. august 2010

Dei fem finaste III

I dag var vi på Alskleiva utan fotoapparat, så blogglesarane får nøye seg med nokre bilde frå hagen.
Eg har trudd dette er ei svart stokkrose.  Det er i alle fall ein staude. 
Eg veit ikkje kva denne heiter.  Kanskje ein blogglesar veit?  Den står ved sida av den svarte.  Det synest eg er ein fin fargekombinasjon.  Dessverre har der vore nokon å ete på blada på begge plantane.  Eg trur det er små snoglar med hus.  Etter at eg har rista litt på dei, har det kome seg.  Om ristinga er grunnen, veit eg ikkje.
Dette er ei Vikingrose.  Den kryp utover.
Stargazer, kjøpt i krukker i fjor, står snart i blomst.
Ashramrose.
Dei rosa astilbene må flyttast til våren, elles vert dei kvelt.
Det var nokon som etterlyste den blå valmuesøstra i albautgåve.  I fjor delte eg den, og flytta mesteparten ein stad dei har omkome.  Eg gav vekk noko av den som eg håper har overlevd.  Der det er liv, er det håp, så denne kjem seg nok til att.

2 kommentarer:

Alt godt sa...

Fekk du frø av meg? No vart eg brått bekymra, og lurer på om du fall ut av listene?

solveig sa...

Skreiv meg eigentleg på feil liste(facebook), men kanskje dette er den same?