fredag 13. august 2010

Brødbakemaskin

Studenten orda frampå at han kunne tenkt seg ei brødbakemaskin.  Eg synest å hugse at eg har lova dei det når dei flyttar heimanfrå.  Så då vi var i Oslo, kjøpte eg ei og sette på hybelen hans.

Kvifor bruke brødbakemaskin?
Eg meiner det løner seg på mange måtar.  Eit godt brød er dyrt.  Kneipp er billeg, men ikkje særleg grovt, og det inneheld mykje salt.  Kva feitt som er i det, veit eg ikkje.  Når du har godt brød, går det mindre pålegg.

Ei slik maskin til 899,- (El-kjøp på Sogn), sparer ein fort inn att.  I tillegg til brød kan ein bruke bakemaskina til å lage deigar.  I dag fekk han eit lynkurs i focaccia før han reiste.

Bruksanvisninga til mi maskin er god, og oppskriftene lette å bruke.  Oppskriftsheftet til denne, som også ligg på nett, er dårleg tilpassa norske forhold.  Så her legg eg ut den enklaste oppskrifta som ein kan begynne med.

Grovbakstbrød
3 dl lunka vatn
1 1/4 ts tørrgjær
3/4 ts salt
2 ms olje, t.d. raps eller solsikke
7 1/2 dl grovbakstmjøl

Ha alt i bollen.  Bruk standardprogram 1.  Sjekk at deigen ser fin ut.

2 kommentarer:

Anonym sa...

...og så kan ein diskutere om det er fornuftig og sunt å ete meir brød og mindre pålegg??? -fie

solveig sa...

Spørs pålegget, smørmengda/sorten og grovprosenten på brødet, men billegare er det for studentbudsjettet ...