onsdag 7. april 2010

Påskebrød

Dette greske påskebrødet såg eg først i Dagbladet.  Der synest eg forklaringa var litt innvikla, og avisa forsvann før det vart baka med meg.  Ikkje hadde eg yoghurt i hus heller.  Så dukka brødet opp på brodogkorn. Eg synest brødet såg litt artig ut, og det vart til at eg bakte det med surmjølk.  Elles reagerte eg på saltmengda.  I mitt brød brukte eg ei ts. 

1/2 pk gjær
4 dl yoghurt(surmjølk)
1 ts salt
2 ms rapsolje
ca 10 dl kveitemjøl

5 egg
+1 egg til pensling (ein kan sikkert ha 1/2 egg av dette i brødet og ta av litt til pensling)

Lag vanleg varmheva deig som til loff.  Hev til dobbel storleik.

Del deigen i tre.  Den eine delen kjevlar ein og legg i botnen av ei kakeform.  Eg brukte den største på 28 cm.  Legg 5 rå egg utover.

Resten av deigen trillar ein ut til to pølser som ein deler i 6.
2/6 blir til korset. Eg trilla dei ut og delte dei i 2.  Dei siste fire trilla eg ut og la rundt egga.  Brødet fekk heve i 30 minutt oppå komfyren.  Der er det lunt.


Brødet fekk steike i 30 minutt på 200 grader.  Brødet vart godt og egga vart hardkokte!  Dette er eit brød som er artig og fint på eit påskebord.  Spekemat, oliven og tomatar høver godt til.

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette var eit artig brød. Eg har ei bok, som eg har fått med deg, der det er brødoppskrifter frå mange land, men det blir ikkje til at eg lagar så mykje spesielt. Kom på at eg har sett eit brød der dei plasserte former til telys i deigen under steiking og sette lysa i ved servering.Det kan du prøve ein gong.

solveig sa...

Ville kanskje sett grensa med etande ...