tysdag 16. februar 2010

Bok 8: Krim med aktuell problemstilling


Krimhelten, advokat Sven Foyn med St Bernhardhunden, fell for den iranske asylsøkaren Jasmin. Han får vite noko av historia hennar.  Så forsvinn ho.

Foyn begynner å forske i fortida hennar.  Her er mykje å ta tak i. Når liket dukkar opp, og politiet gjer lite, er det Foyn som tek ansvar.  Han reiser og til Iran og møter familien hennar.

Vi får vite noko om korleis det er å vere kvinne frå Iran, og ikkje minst kor vanskeleg det er å vere asylsøkar i Norge.

Boka er spennande.  Sjølv om Foyn som vanleg er døden nær fleire gongar, er dette det eg kallar kosekrim.  Språket er frodig med innlagt humor.  Ola Otnes les godt. 

Eit lite minus vil eg gje for slutten.  Rett nok vert gåta logisk løyst.  Men eg hadde ønskt meg ein annan mordar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det er ikkje lenge sidan eg las denne boka, og eg likte den. Har skrive om den på bloggen min.

solveig sa...

Vi har nettopp lese ei novelle i 10.ande om det du skriv om. Iran og andre land vert såkalla islamiserte. Dei som kjem attende, kjenner seg ikkje att.