søndag 18. januar 2009

Gele på 1-2-3


Anlen har ei meiningsmåling på bloggen sin om gele er berre for born. Til barneselskap lagar vi vanleg gele. Men til familieselskap er gele med jorbær ein slager. Eg lagar gele med halvparten kokande vatn og har oppi resten av vatnet pluss frosne jordbær etterpå. Denne metoden har vi brukt på skulekjøkenet også. Der har vi alltid "dårleg tid". Vaniljesaus synest eg er greitt å kjøpe ferdig i literkartong; godt, rimeleg og enkelt.
ps
Viss borna synest jorbæra er sure, kan dei ete geleen på botnen.

1 kommentar:

Anlen sa...

Nam!
Og eg hadde selskap i heimen i dag, til ære for gubben som blir 28 i morgon. Med gele:)