For to veker sidan fekk eg denne utfordringa:
"Skriv seks fine ting om deg selv, og post et bilde av deg selv som du er fornøyd med. Når det er gjort skal du utfordre seks andre til å gjøre det samme."
Kva er tanken bak denne utfordringa, var den første tanken min. Er det for at eg skal begynne å tenke positive tankar om meg sjølv, eller er det fordi blogglesarane vil vite meir om meg?
Medan
systra mi som utfordra meg først hadde tenkt på ulike variantar av
arbeidssam, var det som først slo meg ulike variantar av
flink. Eg er oppseda i ei tid då gutane fekk koppar med
flink gutt på, og jentene fekk kopp med
snill pike på. For opplyste foreldre var det viktig å oppsede borna likt.
Elles synest eg det er vanskeleg å seie at ein eigenskap berre er positiv eller negativ.
Staheit vert t.d. vanlegvis rekna som negativt, men det har vel hjelpt mange. Eg meiner og at
snillheit ofte vert misbrukt. Eg skal ikkje utdjupe dette meir, men ber dykk om å ta dette for det det er!
Eg er/har passeleg:
stabil
omsorgsfull
ansvarsfull
bra humor og humør
makeleg anlagt, men ikkje så verst sprek
til å stole på
Oi, når eg først var i gang, kunne list blitt lengre;-) Men eg får stoppe der.
Bilde av meg sjølv blir eg aldri fornøgd med. Eg ser meg sjølv i speilet kvar morgon og seier at betre vert det ikkje. Bildet på profilen min som vart tatt på mamma sin 70-årsdag, er det næraste eg kjem. Men eg har funne fram eit bilde der eg må vere 15-16 år. Kanskje litt artig for elevane som er innom bloggen. Kanskje noko for interiørbloggarane og?
Utfordringa går vidare til alle som er innom bloggen!