laurdag 28. august 2010

Nytt nyttedyr

I dag køyrde vi Olaug og ei venninne til Sjøholt på øvingshelg med skulekorpset. Det vil seie, eg vart sett av og plukka opp på Moa.  På Åhlens fann vi dette piggsvinet til å børste av skitne sko på.  Eg tippar at ein kan kome til å kippe seg når ein treff på dette rett utanfor døra føe ein vert van med det.
Sist eg såg eit slikt eldfast litermål, slo eg det frå meg.   Noko eg angra på, for det ville vere fint å putte i mikroen til dømes. I dag fekk eg ei positiv overrasking i kassa.  Der var ein eller annan sort dag på Moa i dag, og eg fekk 20% avslag.
Som de veit, er eg motstader av "Kjøp 3 betal for to", men i dag stod Øystein med ein pakke strømper i handa.  Kjøp 12 like, seier eg, så vert paringa eit mindre problem.  Heldigvis valde han same fargen som studenten.  I Oslo var det 12 par for 199.  Det kjøpte eg og la på hybelen.  Før eller sidan vert alle blanda, og den som brettar kle får ein enklare jobb.

4 kommentarer:

Besta sa...

Slike piggsvin har eg sett før, men dei er sikkert smarte. Her går det lite i kjøpestrømper, no har far din funne fram dei heimestrikka for vintersesongen, men å ha mange heilt like par er lurt.

solveig sa...

Ja, det vart vel 2 månader utan ullsokkar ...

Anlen sa...

Det er absolutt smart å ha mange like par:) Vi har sikkert 6 like, men ikkje 12... Musikanten min syns det var lettare å finne par dersom dei var totalt forskjellige, så no kjøpte han alle slags rare mønster. Jaja, det går vel ei stund før vaskemaskina et alle venstresokkane.

solveig sa...

Berre dei er rare nok, så går det nok bra. Slike nesten like striper har eg slite nok med!