torsdag 9. april 2009

Påskekrim 2


Etter å ha vorte skuffa over årets første krim på NRK, set vi vår lit til TV2. "Retterstedet" som starta i dag, er skriven av Val McDermid, altså same forfattar som "Arr i sjelen".
---
I morgon startar "Mørkemannen" på same kanal. Det vert nok til at vi prioriterer vekk gode gamle Lewis på NRK 1, og håper på at han dukkar opp att på ein annan kanal.

onsdag 8. april 2009

Karamellpudding - steg for steg

I vår storfamilie er vi veldig glade i karamellpudding. Eg begynte å lage det for 15 år sidan, og lykkast frå første forsøk. Det er enkelt, og ein treng berre fire ingrediensar. Eg begynte med å følgje ei oppskrift med 6 dl mjølk. No har eg utarbeidd mi eiga med 1 liter mjølk i ei 2-litersform.
Set forma på ei så varm plate som muleg. Når forma er blitt varm, har du i 1 1/2 dl sukker. Lat det bli brunt. Ta det til side og kjøl litt ned før du har karamell opp etter kantane.

Visp lett saman 8 egg, 3 ms (1/2 dl) sukker og 1 1/2 ts vaniljesukker. Spe med 1 liter H-mjølk.

Sil blandinga i forma.

Set formene inn i omnen i vassbad. Det er lurt å ha i litt vatn først og så etterfylle. Det er greit å ha god tid. Då kan du sette puddingane i kald omn. Det ein vil unngå, er luftbobler i puddingen. Ved låg temperatur og lang steiking, kan det ikkje gå gale. I min omn tek det 4-5 timar med litt over 100 grader.
Du ser at puddingen er ferdig når det kjem små sprekker på toppen. Stikk gjerne ein kniv forsiktig ned i ei sprekke og sjekk at det ikkje tyt ut mjølk.
---
No er det berre å kjøle ned puddingen. I morgon skal vi kvelve han på eit fat.

tysdag 7. april 2009

Påskekrim

Vi har alltid gledd oss til påskekrimseiane i påska. Kvifor det? Er det ikkje krimseriar på alle kanalar året rundt?

Vi forventar framleis at dei beste seriane skal sparast til påske. Det skal vere få episodar over nokre dagar.

Vi har ikkje tatt tak i "TV-problemet" vårt. D.v.s vi har sagt opp parabolavtalen til 1.mai. Kvifor betale 400 kroner månaden når ein berre kan sjå ein kanal om gongen, og det vi ser mest er gratiskanalane, d.v.s dei vi allereie har betalt lisens for? Før kunne vi sjå på kanalar vi tok inn på antenna og ta opp på parabolen eller omvent. Einaste løysinga frå Viasat no var at vi kunne betale 50 kr meir og få kanalane på ein TV til.

I dag sat vi nede på keeperen sitt rom og såg NRK-krim medan vi tok opp Frustrerte fruer oppe.

Kva seier de om årets første krim? VG gav han terningkast 2. Det er for dårleg. Den er annleis. Skodespelarane er i toppsjiktet, men....
Medan andre vaskar og pyntar til påske, rotar vi på. Øystein har malt gangane våre kvite igjen. Ein må nesten det for å få dei reine. Sjølv rotar eg på ute. Beda begynner å sjå fine ut, i alle fall dei fleste.

Når ein snakkar om tidstjuvar, så er vel handling og shopping den verste. I går hadde eg med meg Olaug på kjøpesenter i Ulsteinvik på sein ettermiddagstid. Eg presterte å kjøpe eit plagg til meg i feil størrelse. Lappane må ha hengt så nær at eg har tatt feil plagg. Det er litt vanskeleg for meg sjølv å forstå korleis det går an. Så i dag var det bytterunde. Den tok eg samtidig som eg køyrde konfirmanten på Høddtrening. I staden for å køyre fram og tilbake, fordreiv eg tida i butikkane i dag igjen. Litt kjøper eg, men eg likar også å kike på kva som finst. Litt folkeliv får ein og med seg.

Høyrt utanfor GullFunn på Amfi som var stengt i dag. (Konkurs?) Ei ung dame med barnevogn seier til ei eldre dame, truleg mora; "Ja, viss den stenger, då brenner eg av!" Dette repeterte ho. Hadde det vore eg, så ville sagt at det hjelper nok.

Etter anbefalingar frå Anlen, kjøpte eg dette spelet. Kanskje vi skal ta det med på slektstreff?

Husvask?
Eg fekk ein SMS frå Sogndal: Treng du hjelp med vask til helga?
Hm, då er det berre å kome seg inn på nettbanken.

måndag 6. april 2009

Bok 19:Forutinntatt


Påske er krimtid.


Denne boka har lagt på biblioteket ei tid. Grunnen til at eg ikkje har lånt ho før, er at eg veit eg har sett TV-innspelinga. Men gjer det noko? Så mykje krim som eg ser og les, vert ikkje mykje gløymt?

TV-serien "Arr i sjelen" med psykologen Tony Hill og etterforskaren Carol Jordan kjem høgt opp på lista med mine favorittar, ja kanskje øvst. Og når boka er betre enn filmen, vert dette god krimlitteratur.

Når det gjeld hukommelsen, vart eg overraska over meg sjølv. Det varte ikkje lenge før eg hugsa mordaren. Elles såg for meg stader og personar. Men det gjorde ikkje noko. Mykje går tapt på vegen frå bok til film. No kan eg tenke meg å lese bøkene før filmane.

I kveld vert det britisk krim.

p.s.
Fredag kveld var det ein svensk krim som eg likte. Den opna med eit uhell som hovudpersonen prøvde å skjule. Dette er den verste opninga eg veit. Men ein kunne ikkje forutsjå resten av handlinga.

søndag 5. april 2009

Gutta på tur

For spreke karar er ein tur på Holstadhornet ein liten svipptur.


Eitt ærend dei har, er å sjekke uglekassene. Ugler er nokre kresne leigebuarar. Dei ser seg om nokre år før dei vil etablere seg. I år ser det ut til å vere liv i spurveuglekassa.
---
De har vel høyrt om kattugla? Det var den gongen Håkon fekk oppleve aktivt reirforsvar. Han hadde klatra opp for å kike i kassa då ugla oppdaga han og sette klørne i han. Guten kipte seg og datt ned nokre meter. Øystein var redd for dei ureine såra og ringte legen. Sidan det ikkje var lenge sidan skulen hadde sendt Håkon til lege etter ein skogstur, og legen gav han ekstra stivkrampesprøyte då, var det ingen fare. Neste gong dekte han til halsen og stilte med briller.





Palmesøndag


No regnar det ute.

Keeperen er reist til Sogndal på treningsopplegg.

Olaug er mini-konfirmant og har overnatta i kyrkja i natt. Øystein og eg var til gudsteneste. Olaug las litt av teksten i dåpshandlinga. Nabojenta Julie døypte seg i dag, så det kjem vi til å hugse. Det var fem andre dåpsbarn; Tobias, Nikolai, Simen, Evy Ann og Benedikte.

Øystein og Håkon har fare til fjells.

laurdag 4. april 2009

God påske!

I dag har vi henta fram dei to kassene våre med påskepynt. Eg tvilar på at det vert pynta så mykje med oss i år.

Typisk meg er å finne fram nokre gule fargeklattar som tvoge og oppvaskkost.

Olaug har laga påskeliljer i silkepapir. Dei står i vasen som eg fekk av ei klassevenninne til 10-årsdagen min.



O g til slutt; påskehandduken i Ekelund.

God påske til alle blogglesarane!



Nytt liv av daude gror

Under mottoet "Ein får gjort mykje på ein time", sette eg i gang å røske i beda i går klokka sju. No skal alt det daude vekk. Eg vart så ivrig at eg gjekk glipp av nokre talent.
Eg fann, eg fann! Eg har lurt på om dei kvite "pinseliljene" mine ville kome att i år.

I år som i fjor har eg planta litt forskjellige løkar i pottene mine. Påskeliljene kjem alltid att. Dei vert rett nok mindre, og dei forsvinn etter nokre år. Men med rikeleg påfyll frå grava og frå pottene, har eg alltids nok att. Dei kvite er minst dobbelt så dyre, og eg kjøper derfor som regel berre ei. Derfor er det spesielt artig at dei kjem att.
Nei, no kan eg ikkje sitte her. Huset er vaska medan skodda har letta. Eg rekk nok ein time før middag.



Kongen av komposten?

Nabokatten har funne seg ein kvileplass øvst på komposthaugen. Der er sikkert varmt og godt no, og han har god oversikt. Når han ser fotoapparatet, vert han straks på vakt.

torsdag 2. april 2009

Bok 18: Forteljinga om mor og far

I denne romanen gjer forfattaren det same som fleire før han, og kanskje helst etter han, han prøver å skrive historia om foreldra sine. Noko veit han, men det meste må han dikte.

Språket er godt. Det er herleg å lese god nynorsk. Verre er det med teiknsetjinga. Dei som har lese "Andvake" veit kva eg snakkar om. Kvifor komma? For å følgje ei tankerekke får eg høyre. Ja, vel. Sjølv vert eg dratt fram i forteljinga. Verknaden av punktum er at ein stoppar opp litt og tenkjer. Med denne overdrivne bruken av komma, les eg for fort. Boka vert lett "ufordøyd".

Elles vil eg kalle dett ein grei kjærleiksroman. Som anmeldaren i VG sit eg att med ei kjensle at eg har høyrt mykje av dette før. Sjølve historia er ikkje verken dramatisk eller spesiell. Oppgjer med bygda og bedehuskulturen har eg lese om før, også om mangelen på pengar. Kvifor vel han å skrive om sine eigne foreldre? Han ville hatt større friheit ved å "dikte fritt."

onsdag 1. april 2009

Bok 17: Endeleg!


Det var vanskeleg å kome inn i denne romanen. Undervegs hadde eg lyst å legge den frå meg meir enn ein gong. No har eg lese boka ferdig på rein trass.
---
Eg kom sjølv fram til at temaet i boka måtte "Frå bondesamfunn til moderne samfunn" , eller noko i den dur. Det har dei vel gjort her og.
---
Etter mi meining er romanen overflatisk. Du får høyre litt om kvar person, og der er alt for mange personar. Dei som les lydbøker veit kor vanskeleg det kan vere.
---
Boka er full av personar som forfattaren kunne gått under huda på.
---
Idéen med å ta utgangspunkt i tre familiefestar i tre ulike årstal, er i og for seg ingen dårleg idé.
---
Viss nokon vil prøve seg på denne boka, anbefaler eg papirutgåva.

tysdag 31. mars 2009

Gratulerer "LilleMø"!

I dag fyller eldste søskenbarnet mitt på Eid 44 år. I det høvet har eg funne fram eit bilde frå 14. juli 1977 der alle seks søskenbarna er samla. Det var ikkje noko lett sak å samle alle. Det var alltid ein eller fleire det ikkje passa for å stille til fotografering. Eg synest å hugse nokre runder før alle sat i sofaen.

Under bildet i albumet står det at dette var før "Huset på prærien", vekas høgdepunkt på den tida. Kusinene mine brukte å sitte med kvar si pute klar. Eg var 2-3 år eldre og for stor til det. Eg ønskjer deg ein fin fødselsdag!

søndag 29. mars 2009

Vel blåst!

Det er første gong vi har vore på den årlege vårkonserten med alle korpsa i kommunen. Det er tre skulekorps og to vaksenkorps. I går øvde skulekorpsa med ein innleigd inspirator der temaet var å spele utan notar. Dei avslutta med desse fellesnummera. Notane var framme tidlegare i programmet.

Programmet var variert. Melshorn hadde allereie øvd inn "Fairytale" med Nydal innhyrt som felespelar. For meg er det heilt umuleg å vurdere kvalitet. Men så er det heller ikkje noko poeng å dele ut karakterar til dei ulike. Vi kosa oss gjennom programmet.

Hareid skulekorps var vertskap. I går kom Olaug og sa at mor til I har baka fire kaker. I dag fekk eg vite at nokre hadde gitt beskjed lovleg seint om at dei ikkje kom. Hadde eg visst det eg veit, skulle eg like godt ha laga dobbel Kvæfjordkake. Det å røre smør og sukker i små mengder, er berre ei plage på Kenwooden. men kaker vart det nok av. Eg fekk med meg brorparten av blautkaka heim att. Olaug hadde forklaringa:"Det var fordi at du og Anlen laga sameleis." Kanskje vi skal skulde på blogginga?

Kor gammal er tannkosten?


I serien "Kor gammal er..." har eg kome til tannkost og tannkrem.
---
Spørsmålet kom opp medan vi diskuterte Nora si makroneting i "Et dukkehjem". Ektemannen hadde lagt ned forbod mot søtsakeeting. Han ville at ho skulle vere representativ med pene tenner. "I 1879 var fanst det nok ikkje tannkost og tannkrem, og det var nok eit vanleg problem å ha stygge tenner," hevdar eg. Elevane grøssar. Eg har lova å finne fakta.
---
Det einaste eg har funne ut, er at det vart produsert tannkrem frå andre halvdel av 1930-talet. Øystein meiner det kan stemme. Far hans var tidleg ute med å skaffe seg tannkost, og det var i vaksen alder. Han var fødd i 1915.
---
Viss andre har peiling på dette, så skriv gjerne ein kommentar!

laurdag 28. mars 2009

28. mars

I dag har vi feira mamma. Keeperen fekk seg ny mobil i veka som var, og betalaren innkasserte ein helgavask. Øystein og eg gjorde litt anna praktisk arbeid i og rundt heimen før vi reiste inn i Ørsta. Der var det fleire venta og uventa gjester. Tida flaug med mykje god mat og god prat. Då eg skulle ta bilde av alle bloggarane, streika fotoapparatet "Low battery". Eg har nettopp lada det, men det hadde nok stått i datamaskina i natt. No håper eg at andre sender bilde direkte til meg eller om mamma. Nei, eg hadde ikkje med meg kake til mamma. Dette er slik korpskakene ser ut no, tatt med Håkon sitt gamle apparat. Som rundekake/ostekake valde eg å satse på ein klassikar. No har eg fylt kaka med vaniljekrem kokt av 2 posar vaniljesauspulver blanda med ein pakke fløyte. Sist eg laga denne kaka var til ein konfirmasjon for fem (!) år sidan. Så her tek eg i mot tips om oppdatering. Eg fylte den no, for at den skal sette seg til i morgon, etter tips frå ein kollega.
Noko anna som er så merkeleg er at eg vert så usikker når eg skal gje vekk kaker. Kva skal eg fylle blautkaka med? Kva likar folk best? Mamma hadde frose ned fylt blautkake etter tips frå Anlen. Det er ikkje dumt! Og veldig lurt viss ein veit at ho vert ståande framme ein time eller to før matpausen. Eg har kjøpt inn både aprikoskompott og aprikossylte slik at eg har noko å velje i.

Gratulerer mamma!

Vi vil gratulere Olaug med dagen i dag! Bildet kom eg over då eg leitte etter bilde frå 1979. Her er mamma 39 år, altså yngre enn det både eg og sysrta mi er i dag.

p.s.
Legg merke til putene bak. Eg likte å brodere i min barndom. Heitte det diamantsaum?

fredag 27. mars 2009

Ut av skuffa

Eg har fått spørsmål om eg kan vise fleire Ekelund-tekstilar på bloggen, og det gjer eg gjerne. Dette er gode produkt som eg gjerne reklamerer for.

Handduken over treng eg ikkje å gå i skuffa etter, for den er i bruk kvar dag til å legge over nybakte brød.
Handduken med fyrlyktene har eg fått av mamma. Motivet er maritimt, og han er mest framme om sommaren.

I Sverige overgår midtsommarfeiringa sjølve nasjonaldagen. Mamma har kjøpt denne i Sverige, så tid og stad hugsar nok ho betre.

Dette er ein souvenir eg kjøpte i Stockholm.

Denne har Margrete kjøpt i Volda. Det ser ut til at ein kan få laga på bestilling. Det finst mange vakre motiv.
---
Til slutt må eg berre innrømme at eg har fleire handdukar enn dette, men påskehanddukane er t.d på loftet i påskekassa. Men den skal no snart ned.




torsdag 26. mars 2009

Vår og snart påske

I dag fall eg for freistinga og kjøpte meg to gule storblomstra begoniar. Då eg begynte å rydde litt i vinduskarmane venta det meg fleire overraskingar. Ei av dei var denne orkidéen. Det er tredje gongen han blomstrar. Eg har forhøyrt meg med andre orkidéeigarar om ein bør klippe dei ned og støtte dei opp. Denne har fått utvikla seg sjølv. I dag tok eg han inn i varmen og oppdaga tre greiner, litt daudt klipte eg vekk. Noko støtte ser det ikkje ut til at han treng, men eg har tatt vare på pinnane og klemmene om eg skulle skifte meining.


Frå fem til tre?

Viss eg tel rett, så er det talet på glassmagasinliknande butikkar i Ulsteinvik. Der er no kanskje tre interiørbutikkar i tillegg. Fryd er konkurs, og Christiania Glassmagasin legg ned avdelinga si i Vik. Sistnemnde kjem eg til å sakne.

Det er trist at butikkar forsvinn, og at folk mistar jobbane sine, men samtidig må det ringe ei bjelle når dei bygger to nye kjøpesenter og fyller dei med nye butikkar. Viss dei hadde stoppa i tide, så kunne kanskje nokre ha gått bra.

I går var det -50 og 70% på dei to butikkane som skal vekk. Eg fall for freistinga og kjøpte meg nye kakeformer. Dei gamle grå leiar varme mykje dårlegare enn desse. Kanskje eg skulle ta meg på tak og fylle dei gamle med iskaker?

Dette kjøpet, ikkje på tilbod rett nok, møtte stor skepsis i heimen. Det er ei fillerye som kan vaskast i vaskemaskin, hadde eg tenkt. Ja, ja om dei får rett i at det er svært upraktisk, så skal eg legge det på vaskerommet.

onsdag 25. mars 2009

Solveig seksten

Då eg såg bildet av Ingeborg på 16-årsdagen hennar, kom eg på at eit av dei få fødselsdagsbilda eg har av meg sjølv, er frå 3.juli-79. Eg la vel inn ein kommentar på at eg kanskje skulle legge det ut, eller late det vere. No har båda mamma og systra lagt ut bilde av seg sjølve då dei var 16. Så eg kan ikkje vere verre.

Kanskje det kan glede 10-ande klassejentene "mine"?

måndag 23. mars 2009

Litt svolten?

Forrige veke hadde vi det vi kallar "Vegetarval" på skulen. Då får elevane velge vegetarrett sjølve. Eg bestilte brosjyren "litt sulten" her. Det vart mykje pizza og pizzasnurrar, men nokre valde å lage tomatsuppe frå grunnen av.
Inspirert av elevane mine laga eg tomatsuppe til kveldsmat i dag. Eg starta med å surre løk til han vert blank.
Det tek ikkje stort lengre tid å lage ei slik suppe enn det gjer å lage frå pose, så det er berre å sette på egg til hardkoking. Eg kjøper egg rett frå gard. Dei er gode heile året, men eg gler meg til hønene begynner å vere ute og ete gras.

Med stavmiksaren vert løk og hakka tomatar frå boks til puré. "E de heimelaga tomatsuppe?" kjem det frå gourmetguten i familien. "Ja, likte du ne?" No kjem vel den knusande dommen, tenkjer kokken. "De e i alle fall bedre enn sånn anna."
---
Eg følgjer alltid oppskrifta første gongen. I dag laga eg den litt meir etter eigen smak. Eg likar den litt skarp med kun litt mjølk. Borna kan ha litt kald mjølk i for å kjøle ned suppa viss dei vil. I morgon skal eg gå rundt og puste på folk, så eg kutta ut kvitløken. Det forringar litt, men ein kan ha i ei klype sukker for å få litt av søtsmaken.


Vel bekomme!
P.s.
Laurdag serverte vi karbonadesmørbrød til blomkålsuppa. I dag vart det "berre" vanleg brød.



Bok 16: Høyr på Hoem!

Før eg begynte å blogge om bøker las eg Hoem si bok "Mors og fars historie". Den boka anbefaler eg alle å lese. Det er ei sterk historie tatt frå verkelegheita.

Heimlandet, Barndom er om oppveksten til Hoem. Vi kjenner sjølvsagt att personane. Romanen skildrar overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Då straumen kom, måtte dei ha pengar til å betale han med. Her er mange artige småhistorier og episodar. I eit kapittel tek han opp kor tid det var lov å le.

Faren hans var omreisane predikant. Det var strengt heime hos dei, kanskje spesielt fordi dei var redde for kva folk ville seie om dei. Det var ikkje nødvendigvis fordi dei meinte at verken det eine eller andre var synd. Dei snakka aldri om Helvete heime, som han seier.

Faren hadde ikkje talent som bonde, og det viste seg at odelsguten, altså Hoem sjølv, likna mykje på faren. Han var skuleflink og fekk lov til å sitte med nasen i ei bok sjølv om der var mykje arbeid som skulle gjerast. Mor hans sleit tungt på garden.

Dette er ei bok som høver for alle. Eg anbefaler den på det sterkaste. Kanskje den er best på lydbok? Hoem har ei fantastisk stemme og les boka slik ho skal lesast.

Bursdagssang



Eg synest temaet i denne songen passar godt til dagens geburtsdagsbarn. Eg fann den kun med heimelaga video. Men så tenkte eg at ein sånn kunne Ingeborg godt ha funne på å laga!

Gratulerer Ingeborg!

Ingeborg fyller 16 år i dag! Alle på Hareid gratulerer!

Når du vert 16 år, begynner du sjølv å gjere viktige val for livet ditt. Desse vala vil få konsekvensar. Bildet over skal symbolisere val av utdanning og yrke. Frisering vert nok kun ein hobby for Ingeborg. Men det skal bli intressant å sjå kva ho slår inn på.