

I går skulle eg ut i hagen og finne ei rose eller noko anna fint å ta inn. Då oppdaga eg at akkurat no er det lite som blomstrar. Det er tid for høge stauder. Rosene kjem nok att. Fleire står i knupp.

Filmen vert aldri så bra som boka. Av og til vert ein svært skuffa når ein har lese boka og får sjå filmen.
Denne filmen vart eg positivt overraska over. Eg stussa då eg såg at aldersgrensa var 11 år. Fotballkampen med pauseunderhaldninga vart det ikkje dvela med i det heile. Den gjorde sterkt inntrykk i boka, men i filmen fekk vi ikkje med oss detaljar. På den måten kan også ungdomar sjå filmen.
At dei snakkar "afgansk" (Kva heiter språket, farsi?), gir også eit meir autentisk inntrykk.
Tysdag begynte ikkje fotballkampen før ut på ettermiddagen, så vi fekk føremiddagen til rådvelde. Då skar eg gjennom "Eg vil på slottet!". Eg ville i alle fall at Olaug skulle få sjå slottet på nært hald, og så kunne vi sjå korleis ein kunne kome seg inn.
Det var ikkje lov å fotografere inne. Vi kjøpte denne boka, slik at vi kan gjenoppleve og lese meir. Omvisinga tok ganske nøyaktig ein time. Og i den timen fekk ein høyre mykje om sjølve slottet, og om dei konglege frå tidleg på 1800-talet.
Dette er soverommet i suiten på slottet, der der kongar og statsleiarar får overnatte.
Guiden krydra omvisinga med å fortelje om skandalen då Ceaucesco var på besøk hos Kong Olav. Han fekk lyst til å ta ein middagslur midt på dag, men fekk ikkje sove på grunn av støyen frå trikken på baksida av slottet. Då bad han kong Olav om å stanse trafikken. Kongen måtte berre seie at det hadde han ikkje myndigheit til. Han vart dessutan skuffa over utvekslingsgåva si. Han hadde ønska seg ein kvit Mercedes, men fekk ei bok med bilde frå Vestlandet. Ceaucesco forlet Noreg i sinne ein dag før planlagt.
Som alle andre turistar i Oslo, måtte vi sjølvsagt gå på operataket. Eg er ikkje flink til å bruke solbriller, men viss ein vil opne augene her, er det absolutt å anbefale! Der står folk og sel solbriller på andre sida av gata.
Ein kunne skrive mykje om Oslo sine skyggesider. Vi er ikkje vane med å sjå verken narkomane eller tiggarar. Nytt av året er å selge bestemora si. Om det er rumenarar eller romfolket, er ikkje godt å vite, dei kler seg vel ut. Vi såg fleire eldre damer som tigga. Ei av dei sat og bad høgt for folk som gjekk forbi. Vi gir kun pengar til gatemusikantar som spelar fint.
Når vi reiser denne ruta, får vi sjå mykje vakker natur. Det kostar å køyre tunnelar og ferjer. Men det er fantastisk å sjå kor mykje godt arbeid som vert lagt ned i vegsamband.
Vi hadde nydeleg varmt ver heile turen, men temperaturen i bilen heldt vi nede med aircondition. Så vi håper Rasmus fekk frosen fisk!
Komfyrane må fa sitt eige innlegg! Denne vedkomfyren har vi sett før. Den stod i det minste huset.
Denne typen har ikkje eg sett før. Den kjøpte kona til Astrup etter at han var død. Ein gong på 30-talet meinte guiden. Den har innebygs vasskokar. Ein fyller kaldt vatn i ein tank og tappar ut varmt vatn i kranen til venstre. Oppå komfyren stod eit vaffeljern av den typen vi hadde fram til 70-talet.
Vi vart guida rundt i husa. Det var lov å ta bilde der, men ikkje i galleriet.
Baljfat. Det skulle vere feitt i midten og balj(klubb) rundt. Så kunne alle ete av same fat.
Astrup såg eit slikt skap då han var i Algerie, som han fekk lyst på. Det var for stort til å ta med heim. men han teikna det av, og fekk ein snikkar heime til å lage det.
I år er det første gongen Olaug har vore med oss på Norway Cup. Håkon og ho har vore att i Starevegen. Men denne gongen er det Håkon som spelar, og ho får vere med til Kongsberg og Oslo.
Vi brukar også alltid å ta eit stopp på vegen til Kongsberg og oppsøke ei eller anna "severdigheit". I år fall valet på Astruptunet. Øystein har aldri vore der, medan eg var der for 20 år sidan.
Laurdagen var det nydeleg ver, og vi fekk sjå tunet på sitt flottaste. Dei har litt å jobbe med når det gjeld merking av vegen. Vi fann fram etter å ha køyrd ca 1 mil på ein smal veg.
Under 2.verdskrig bygde tyskarane eit kystfort på Kvitneset. Ein del av Festung Norwegen. Tyskarane hadde mange kanonstillingar her, strategisk plasserte ved Breisundet, som er innløpet til Storfjorden.
For 17 år sidan tok eg med meg ei 6. klasse på sykkeltur på Kvitneset. Då hadde eg fått tak i kart over området, og vore ut på førehand for å sette meg inn i stoffet. No ser eg at nokre av plakatane er øydelagde. Det er grunnmurane på husa som står att. Mange av tyskarbrakkene vart demonterte og nytta til mellom anna forsamlingshus etter krigen.
Der er gangar i terrenget der ein kan gøyme seg når ein går. Eg veit om foreldre som tek med borna dit for å leike krig. Om det er så trygt, er eg usikker på.
Ser de holene i fjellet? Tyske ammunisjonslager!
Inni her var kommandosentralen. Dette er ein bunker inne i fjellet med lange gangar oppetter fjellsida. Her treng ein lommelykt!
Hjørungneshornet kan vel knapt kallast "fjell". Vi la turen dit for å finne ein Hareidstrimpost. Her ser de litt av Hjørungavåg og Hareid litt lenger bak.
Hjørungavåg. Der har kome fleire, eller større, industribygg sidan eg slutta å jobbe der for vel 11 år sidan.
Her ser de mot Vartdalsfjorden. Vi plukka med oss 1,8 kg blåbær som vi rørte då vi kom ned att. Det vart pannekaker m/svensk flesk til middag.
Masdalsklova.
Westerland.
Rosa Rugosa. Eg har to busker. I går fjerna eg mange villskudd. Det merkar eg på hendene i dag. I tillegg til fliser greidde eg å klemre meg på rosesaksa.
Klematisen har begynt å blomstre.
Det er fine blomster på skvåsjen, men frukter (grønsaker!) er det verre med. Den har kanskje fått for lite næring i år. Ein bør vel drive meir vekselbruk.
Dette skaberaklet av ein plante er no forvist til ein utkant i hagen der det skal få stå åleine. Solitærplante heiter det vel på fint. Om hausten får planten gule blomster. Han kom som ein liten plante, men brått var han blitt ein kvadratmeter. Storleiken er ein ting, men sjå på blada! Eg trur sniglar med hus har skulda.

Sidan Odd og Tormod skulle opptre i eit av telta på Landsstemnet for Kysten, tok Øystein og eg oss ein tur til Fosnavågen. Der yra det av liv. Butikkane var opne i all fall til 18. Der var fullt av båtar ved bryggene og campingbilar på land.
Cabareten varte ca ein time. Odd er ein ordkunstnar og Tormod flink på gitar. Midt i konserten kom regnet. Det merkar ein når ein sit i eit telt. Så no er her tilbake på 12 grader.