---
For nokre år sidan fann 17. maikomitéen ut at det var nok med eitt tog. Så no kan ein ta det med ro fram til 12.00, eller sjølvsagt gå til kyrkje om ein ønskjer det. Dagen vert meir komprimert, noko eg set stor pris på.
Olaug spelte i korps.

Då eg var midt i denne boka, tenkte eg: Her har vi årets bok!

Mormor fekk seks barnebarn i løpet av like mange år. Vi manglar berre ein 67-modell. Stein-Inge som fyller 40 år i dag, sit på fanget. Eg som er eldst, har rutete kjole. Systra mi prøver anten å gøyme seg eller stikke seg fram bak bror min. Bildet er frå 1969.
Dei siste dagane har eg omtrent ikkje høyrt lydbok sjølv om eg har gjort mykje praktisk arbeid. Boka fengjer rett og slett ikkje. Er det eg og franske bøker som ikkje heng saman igjen?