måndag 4. oktober 2010

Utstyr må prøvast III - 5 om dagen

 Det er kanskje ikkje aktuelt å rive grønsaker i maskina i det daglege, men det kan no vere greitt å vite korleis ein set ho saman. Eg brukte den finaste riveskiva, og den er noko midt i mellom fint og grovt på eit vanleg råkostjern.  Til gulrotkake er vel dette ideelt?
Det er mykje snakk om "5 om dagen for tida".  Råkostsalat er ein fin måte å få i seg grønsaker på.  Ernæringsmessig er det nok den beste måten.  Få vitaminar går tapt, og kroppen gjer seg best nytte av finrivne grønsaker.  Sist, men ikkje minst, så likar ofte born best rå grønsaker.

Råkostsalat kan varierast etter smak. Gulrot, kålrot, kål og raudbete er kanskje mest vanleg.  Av frukt kan ein bruke eple, appelsin og/eller ananas.  Ein gong då frøkna var lita, spurde eg henne kva vi skulle ha til middag.  Då svarte ho: "Rosiner".   Rosiner eller svisker gjer råkostsalaten søtare.  Eit anna tips er å bruke jus til dressing i staden for sitronsaft.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg brukar å rive gulrot for hand til råkost, foodprosessoren riv ikkje fint nok.Appelsinjus i staden for sitron har eg brukt lenge.Grønsaker er godt både rå og kokte. Vi et mykje både frukt og grønt. Men får du elevane dine til å ete svisker? Hugsar vi laga Furulysalat på skulekjøkkenet, og då vi skulle ete var det ingen som ville ha fordi det var svisker i.
Kunne kanskje sagt ifrå litt før?Noko som slo an hos oss var å blande sin eigen salat, med fruktyoughurt til dressing.

solveig sa...

Svisker er tabu på skulekjøken!