laurdag 16. oktober 2010

Krabber og dagens vonbrot

I dag kom yngstemann heim med fire krabber og eit nett med halvstore seiar.  Krabbene skal vi ete til kveldsmat.
Det var to som var skuffa over brødet mitt i dag.  Den eine trudde det var kake sidan eg steikte det i rund form.  Den andre fordi den ville ha loff til krabber.
Her kan de sjå kor fint brødet hevar med berre surdeig som hevemiddel.  Når det er nysteikt er det litt klissete, men til gjengjeld held det seg i fleire dagar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi plar kjøpe loff når vi har krabbe. Den nye bakaren her, lagar nydelig loff.Grovt brød har for mykje smak til å vere i lag med krabbe. Var der MAT i krabben? Vi har ikkje vore så heldige med våre.

solveig sa...

Nei, så det vart mauling og grovbrød med anna pålegg etterpå ...