laurdag 23. oktober 2010

Billeg bord

Eg ser ein viss fare for at blogglesarane, etter dette innlegget om ikkje før, vil tru at eg er skikkeleg gniten.  Sjølv meiner eg at studentliv og nokre år med fire ungar på ei inntekt, har gjort meg økonomisk.  No er det sli, at når eg går forbi ulike tilbod, så bit eg lett på.  Derfor har eg ei samling av lys og serviettar.

Duken er ein halv stuv med nervøs fløyel kjøpt på Jysk for 50 kr.  Den er strykefri, noko som passar meg godt.  Lysa kjøpte eg for 20 kroner tilsaman på Nille.
Serviettane og blomstervasane var -70% på Floriss.  Og for å toppe det heile henta eg blomster frå ute- og innekrukker.  No ventar eg berre på gjestene!  Ha ein fin laurdag!

2 kommentarer:

Besta sa...

Billeg eller dyrt betyr ingen ting. Fargane var fine og litt ut om det vanlige, og det som er artig med borddekking er å tenke litt utradisjonelt og få det fint til utan dei store kostnadane.Sjølv er eg dessverre ikkje så kreativ, så du har det ikkje frå meg!

Alt godt sa...

Nydeleg bord, solveig. Skal det no vere eit lyte at dama er styrande... ;-)