tysdag 6. april 2010

Norsktime i 10B

På planen i dag stod Forbrytelse og straff, ein reportasje av Åsne Seierstad.

Eg trur eg har lese alle bøkene til Åsne Seierstad, og innleiar sjølvsagt med å fortelje om forfattaren.  Eg beundrar denne tøffe dama som har reist rundt og rapportert heim frå eine krigsområdet til det andre.

Artikkelen som vi las i dag, var frå ein såkalla "forbetringsanstalt".  I Noreg har ein vel kome fram til at slike institusjonar heller verkar som "forverringsanstaltar".  Åsne Seierstad har snakka med to jenter i dette ungdomsfengselet.  Blogglesarane må gjerne lese artikkelen.

Her er mykje å diskutere:
- Skilnader mellom Norge og USA
- Kvifor ungdommar kjem i fengsel
(Forfattaren nemner 26 000 fleire fengslelsbetjentar, 8000 færre lærarar)
- Vert ungdomane betre av å vere saman med likesinna - eller vanlege ungdommar
- Kor viktig det er å bli sett  - Kva ein gjer for å bli sett
- .......

I vår barndom var det noko skummelt som heitte Bastøy.  Eg hugsar noko om nokre gutar som sat og gret der.  Kan det ha vore i ei bok?  Historia har avslørt tragiske tilstandar.  Eg er glad for at vi har det menneskesynet vi har i Norge i dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ingen trur vel at ein blir betre menneske av å sitte i fengsel, men somme må sikrast for at andre skal gå trygt.Det finst også døme på at folk har fått ein ny sjanse i fengsel,men då må fengsela vere humane som i Norge. Fengsel som "straff" har eg lite tru på.Dette er ei sak som kan diskuterast i det uendelige, og eg har for lite kunnskap om emnet.

solveig sa...

Det verkar som dei trur at militær disiplin og belønningssystem skal få dei inn på rett spor ...