fredag 30. april 2010

Fordi eg fortener det?

Ein av venene mine på Facebook heiter Floriss ...  Førre fredag var eg ikkje innom Facebook før etter helgahandelen.  Då såg eg desse fine appelsintrea.  I går var eg innom Floriss for å kjøpe noko lite til ei venninne.  Eg hugsa at ho fekk seg eit slikt lite tre i fjor.  Kanskje det var lurt å høyre med henne om det gjekk an å halde planten i live? 

Det vesle treet hennar viste seg å vere to år gammalt,  og det hadde vakse seg til ei buske!  Viss folk har råd å kome med, så høyrer eg gjerne på dei!  Skal eg ha det ut i sommar?

Ein annan ting eg lurer på, er om vi hadde eit sånt tre heime i min barndom, eller om vi berre kika på det i vindauget hos Håndlykken.

4 kommentarer:

Besta sa...

Vi hadde nok appelsintre i ein periode då det var populært.Særlig gamle vart dei ikkje. No har eg ikkje sett slike på årevis.

solveig sa...

Dei foredlar vel fram nye typar får ein håpe.

Milena sa...

Takk for ein fin rose!
Mandarin treet"Calamondin" mitt he vore ute om sommaren og blomstra noke heilt fantastisk,men sommaren var for kort for frukt.Heile vinteren stå det i kaldt og lyst kjellar med veldig lite vaten.Ut om sommaren igjen på ein plass med mykje sol og lite vind.
Lykke til!

solveig sa...

Takk for tips! Eg skrytte til blomsterhandlaren. Ho skulle sie til folk at dei må ta den inn om vinteren - ikkje kaste den!