laurdag 20. mars 2010

Ikkje telefonsal

Mobilen min ringjer.  Kva er det no?  Det er lenge sidan eg har sett "skjult nummer".
- Hei, jeg heter .... og ringer fra (en bokklubb) og bare for å si det med en gang, dette er ikke telefonsalg.
- Det er bra, repliserer eg, for eg har reservert meg.
- Nei, for i dag gir jeg bort tre bøker.
Andre her i huset hadde sagt "ikkje interessert" og slengt på røret.  Eg fell for freistinga til å dra ut samtalen.
- Så, eg får berre tre bøker utan vidare?
- Har du internett?
Her skiftar han tema.  Fokusforskyving som vi kallar det i pedagogikken.
- Ja.
- Har du e-post?
- Ja.
- Sjekkar du e-posten kvar dag?
Her har han fått meg til å svare "ja" på mange spørsmål.  Skal tru om handboka hans seier noko om at det er viktig å få kunden positiv?
- Ja, for da får du en e-post ...
- Det der liknar veldig på eit abonnement, og eg er ikkje interessert, seier eg.
- Det er veldig enkelt!
- Nei, takk.
- Det tar nesten ikke tid.
- Nei, eg vil ikkje binde meg til noko.
- Du gjør ikke det.  Det er bare å avbestile.
- Nei, takk.
- Vil du ikke høre hvilke bøker det er snakk om.
- Nei, takk!
No er fyren på grensa til desperat.  Dette strid sikkert mot alt han har lært.
Etter eit par "Nei, takk" til, gir han seg.  Eg har sikkert sløsa med tida hans.  Men neste gong får han seie at han vil selje meg eit abonnement.

P.s.
Planten heiter Afrikalilje eller Ornithogalum Dubium?

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg vil berre opplyse deg om at du er mykje høfligare enn mora di!Eg har reservert meg mot all slags sal over telefon, men markedsanalysar kan ein visst ikkje gardere seg imot.

Besta sa...

Blomsten var veldig fin! Eg likar vel så godt orange som gult, så eg kjøpte to orange ildtoppar. Men i går såg eg knallgule kala(calla?)på Coop. Dei var fine.

Anlen sa...

Det er så typisk slike telefonselgarar! Dei trur visst folk er dumme...