måndag 15. mars 2010

Frå skammekroken

Fleire finn du på denne sida.

4 kommentarer:

Anlen sa...

Au da...

Det er ikkje så lett med norsk språk;)

solveig sa...

Dette er heilt sikkert utlendingar.

Denne veka har eg samla inn 50 stilar, halvparten bokmål, slik at eg har noko å gjere på medan 9. klassingane har arbeidsveke.

Besta sa...

Det har vore mykje grautprat på bloggane no, og sidan du har oppmoda meg om å skrive historier frå "gamle dagar", skal du få ei historie om havregryn.
Under krigen var det mangel på det meste, men eg kan hugse vi hadde havregryn, for mamma koka havregraut til meg. Broren min, som var yngre, orka ikkje gryna, så han fekk "avsilt havresuppe".Eg kan hugse eg stod på ein stol attmed kjøkkenbenken og åt gryna ut or silen.Etter krigen hende det at vi fekk "svenskepakkar", frå broderfolket som tykte synd i naboane sine. Det var spennande kva som var i pakkane. Eg kan mellom anna hugse at der var teikneseriehefte. Men ein gong var det noko som overgikk alt:Ein pose havregryn. Ikkje dei store grå som vi var vane med, men nokre veldig fine, små og nette og nesten kvite. Eg sat og beundra dei gryna aldri så lenge. I ettertid har eg funne ut at det sikkert var slike vi kallar "lettkokte".

solveig sa...

Altfor god historie til å vere på kommentar! Stel bilde av han som et graut, og skriv det på di blogg!
Skulle tru det gjekk an å kopiere!