onsdag 13. januar 2010

Vinter


For første dag på lenge har gradestokken krope over ti minusgrader.  Eg trur ein må attende på tidleg åttital for å finne ein liknande kuldeperiode.  Temperaturane varierer utruleg lokalt.  Her vi bur, er det like kaldt som i Ørsta omtrent.  Men ein skal ikkje lenger enn til Ulsteinvik før det plutseleg er 7-10 grader varmare.  Det same gjeld om ein tek seg ein tur til Brandal.

I dag følest sju minusgrader skikkeleg behageleg.  Alt er relativt!


1 kommentar:

Besta sa...

Vi var bort på el-kjøp, der var det minus 11, ved Amfi minus 9 og her heime minus 4, så det varierer veldig innafor eit lite område. Inne hos Margrete var det mindre kaldt enn her.