laurdag 9. januar 2010

Solveigs steikte eple


Sidan epledesserten i går vart så populær, tenkte eg at eg ville prøve ein litt annan vri i dag.  Kommentar frå i går: "Det var som berre epla i eplekake."  Og det var positivt meint.  Desserten i dag vart endå betre fekk eg høyre.

Som de ser, delte eg først epla i to.  Så la eg nokre rosiner i botnen.  Då syg dei til seg væske og vert ikkje liggande på toppen og svi seg.

Blandinga på toppen laga eg av:
2 ms meierismør
2-3 ms demerarasukker
1 dl hakka (brukte stavmiksar) juleneter

Fyllet la eg berre på toppen av dei halve epla.  Det var lettvint! 
Eg steikte dei på 175 grader ca 1/2 time.

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette såg veldig godt ut.Går ut frå at det var hakka nøtter?

solveig sa...

Ja, no har eg retta det. Ein pakke julenøtter til halv pris hamna i korga mi her ein dag....
Dette var godt og lettvintare når ein berre la blandinga oppå.