søndag 10. januar 2010

Nokon som veit?


I ei av kokebøkene, ei bakebok, eg fekk til jul, inneheld dei fleste oppskriftene anten lyst eller mørkt muscovadosukker.  Er det nokon som veit om det er lett å få tak i?  Kan ein eventuelt erstatte det med anna sukker?

5 kommentarer:

Alt godt sa...

Du kan vel erstatte det med alle typar brunt sukker, men muscovado er det fuktige, mørkaste. Den typen du må halde fuktig med ei skive dansk rugbrød for at det ikkje skal bli hardt som ein stein. ;-)

solveig sa...

Då får eg bruke vanleg brunt sukker i denne oppskrifta sidan der er kvitt sukker i også. Demerarasukker er litt grovmale kanskje..
Takk for råd!

Anlen sa...

Det sukkeret har eg aldri høyrt om! Ser spennende ut:)

Alt godt sa...

Demerara går heilt sikkert fint, men det er mogeleg at den seige konsistensen på sukkeret bidreg til konsistensen på bakverket. Ikkje godt å seie før ein har prøvd begge variantar.

Eg såg ei brownieoppskrift med lys sirup her om dagen, den skulle det vere mindre feitt i så sirupen skulle nok kompensere for det.

solveig sa...

Det året vi hadde valfag og bakte browniesoppskrifta di frå Sunnmørsposten, eksperimenterte vi med ulike feittsortar. Det var truleg ein elev som ikkje skulle ha smør/mjølk. Brownies med meierismør var klart best! Bakar ein det sjeldan, så får ein tole feittet? Sirup har eg og sett i browniesoppskrifter. Der er nok ein del amerikanske/fornorska utgåver.....