onsdag 27. januar 2010

Naanbrød - første forsøk


I dag laga Wenche naanbrød til ein indisk rett.  Eg har tenkt å prøve å lage naanbrød fleire gongar, men aldri kome så langt.  Sidan eg har meir frosen kyllingfilet, kjøpte eg eit glas Tikka Masala med tanke på middag i morgon.

Fordi eg ville lage deigen i brødbakemaskina, reduserte eg mjølka til 4 dl.  Mine brød dekte plata heilt, men vart likevel for tjukke, synest eg.  Eg ville nok laga 12 tynnare brød på to plater.  Den ujamne fargen kjem nok av høg temperatur og at eg pensla brøda med surmjølk.

Eg tek gjerne imot tips!

Sjå gjerne oppskrift og video her.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har aldri ete nanbrød, men det må no vere nokså likt pitabrød?

solveig sa...

Pitabrødet skal mindre med ei lomme i. Ein trykker dei flate og har dei rett i omnen. Naanbrødet skal vere tynt til å dyppe i maten og "vaske" tallerken med. Eg har funne ei magrare oppskrift enn Wenche si.

Alt godt sa...

Å bake nanbrødet med mjølk gjer at det vert mjukare enn pita, og det skal det vere, mjukt og tynt. Og så er det litt søtleg.

solveig sa...

Mitt vart mjukt og godt på smak, men for tjukt. Ser på størrelsen i butikken at eg kunne bakt 8 litt større på to plater. Eg brukte surmjølk, men ser det er yogurt og søtmjølk i andre oppskrifter.