laurdag 23. januar 2010

Handel i Hareid


Etter ein lang dag med litt rangling i går, vart det ein litt treig start på dagen i dag.  For å rekke apoteket, måtte eg handle før eg vaska til helga.  Orkidéane kjøpte eg på kupp på Floriss.  Eg har gitt vekk eit par før i veka, og ein gir vel som regel vekk slikt som ein ønskjer seg sjølv! Dei hadde også den typen potter som eg vil ha.  Vel heime oppdaga eg at ein av dei gamle såg daud ut. Før han gjekk i komposten såg eg at der er ei grein på gang.

"Apotek og bibliotek" har eg hatt som overskrift før på bloggen.  I dag plukka eg mellom anna med meg eit par handkremar med deilig lukt frå apoteket.  På biblioteket fann eg eit par nye lydbøker.  Eg vurderer å ta ein pause mellom "Husfrue" og "Korset".

Yngstemann har funne ut at viss han skal få pizza så ofte som han ønskjer det, så må ha ta sleiva i eiga hand.  Han brukar oppskrifta frå gamle "Frå bollar til burritos" med grovt mjøl i deigen.

Ha ein fin laurdagskveld!

1 kommentar:

Besta sa...

Såg her var orkidear på tilbod på fleire butikkar i går.Dei er så fine-når dei blomstrar.I dag har eg ikkje vore nedover.Jan Mehlum si bok har eg lese.Du finn den på bloggen min.