onsdag 6. januar 2010

Bok 2: Ikkje krim


Då eg begynte på denne boka, var eg spent på om forfattaren kunne skrive noko anna enn krim.  Han har i alle fall skrive ny krim i år!

Boka er om ein livstrøytt lege som lever åleine på ei øy.  Det har han gjort etter ein legetabbe.  Etter 12 år innhentar fortida han på fleire hald.

Eg meiner denne boka er vel verd å lese.  Den høver nok best for dei som har levd ei stund.

Les gjerne meir her.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har lese denne boka og likte den godt.Men hugsar ikkje så altfor mykje no når det har gått nokre år.