tysdag 19. januar 2010

10 B - 3. episode

I går fekk vi sjå at "nyheitens interesse" var begynt å tape seg.  Det er freistande å gå tilbake til gamle fakter.  Eg vil berre kommentere eit par ting.

Elevsamtalar
Lærarane tek seg til til den einskilde elev.  Dei ser elevane inn i augene og gjer avtaler.  Desse vert følgde opp.  Dette er sjølvsagt viktig!

Plassering i klasserommet
Då serien starta, sat elevane i grupper på fire.  Dei hadde ikkje blikkontakt med læraren, men med kvarandre.  Folk flest forstår vel korleis det må gå i denne alderen.  Her er det duka for flørting i mange variantar! Det er ikkje rart at viskelera flyg rundt i småbitar!  Læraren må forvente og forlange merksemda når han/ho går gjennom viktig stoff.

1 kommentar:

Besta sa...

Såg serien for første gong i går.Etter som eg forstår er det "landets beste pedagogar" som er i sving. Ser ikkje at dei gjer noko spesielt.......Men det dei har, som ein vanleg lærar ikkje har, er TID til å ta seg av den einskilde eleven. Gå i djupna på problema og følge opp avtalar.Har du 4 klassar i matematikk, blir situasjonen ein annan.