søndag 6. januar 2008

Meir krim

Utvalet var ikkje så stort på biblioteket, men eg gler meg til begge desse. Akkurat no held eg på med Norwegian Wood av ein japansk forfattar, og det har eg gjort ei stund, for å seie det sånn.

Elles har det vore flott på isen i dag også. Olaug, Håkon og Øystein har vore på skeisser på isen, medan eg har gått rundt vatnet saman med ei venninne. Eg hadde joggesko på beina.

p.s.
I går forvirra eg lesarane med at det var minusgrader her. Det var pluss 4-6 grader.

9 kommentarer:

Milena sa...

Haruki Murakami er den forfattar eg lika best.Norwegian wood er sikker best å lese som bok...eg har lest alt han he skrevet,nå kjøpte ein på engelsk:Birthday stories.Men det er sikkert enten eller med han. :-)

Besta sa...

Eg har nettopp lese ut TARANTELLEN, norsk krim der handlinga er lagd til Paris og Algerie. Ikkje så verst!!! Men med eit persongalleri med franske namn som hadde sett grå hår i hovudet på meg om dei ikkje alt hadde vore farga!! Eg skreiv mail til Lydbokforlaget og bad om at dei måtte legge ved rolleliste i bøkene slik at ein fekk eit visuelt inntrykk av namna. Las ein gong ein spansk lyd-krim der dette var gjort.

Besta sa...

Kakerlakkene har eg lese. Nokre av Jo Nesbø sine bøker likar eg godt, andre mindre. Lurer på om det ikkje var i denne boka han nemner Mellegarden i Ørsta?
Liza Marklund er ofte veldig politisk, ein må vere vaken når ein les bøkene hennar og ikkje lese i halvsøvne slik eg ofte gjer.Eg står på ventelista til Stig Larsson på biblio.Gler meg til han.

solveig sa...

Eg skal lese ferdig Norwegian Wood før eg gir ein endeleg "dom". Jula har også stykka opp lyttinga. Jo Nesbø er grei. Stieg Larson er i ei klasse for seg. Liza Marklund har eg eit ambivalent forhold til. Eg kan tenke meg det er greitt med lydbok der. Mamma har rett om namna. Håkan Nesser er håplaus der, fiktive namn på stader og like namn på folk. Der er det ordbildet eg slit med. Tysdag er det tentamen, då skal eg gjere eit innhogg i Arsenikktårnet. Måndagane er min bibliotekdag, då er der ope til 19. Ein må gå der ofte for å auke sjansane til å finne populære bøker.

arieldog sa...

Arsenikktårnet las eg delvis på tur i København. Det vart spesielt. Mi favoritt Ragdebok, forresten.

Besta sa...

Arsenikktårnet er absolutt den beste Ragdeboka eg har lese også. Men eg har ikkje lese LIGGE I GRØNNE ENGER enno.Kanskje eg skal lese den med augene, har ikkje sett lydboka enno.Viss den er like dårlig som Eremittkrepsene går eg vel ikkje glipp av så mykje? Men Ragde er i alle fall lett å lese-uansett.

arieldog sa...

Eg fekk i julegåve frå meg sjølv ei bok som heiter "Mengele zoo" av Gert Nygårdshaug. Boka er kåra til beste norske roman i ein eller annan samanheng, og eg hadde aldri høyrt om den før. Er berre på side 70 enno, så eg får sjå.

solveig sa...

Det er greit å lese bestseljarar, men det kan no vere greit å utvide horisonten litt. "Ligge i grønne enger" er underhaldninglitteratur. Treng ho pengar, kan ho no skrive ei til...
Eg har høyrt tittelen Mengele Zoo. Elles lånte eg ei bok til i dag, men det får eg kome attende til.

Besta sa...

Eg har lese ei bok av Gert Nygårdshaug som heiter "Liljer fra Jerusalem"-den var bra. Mengele Zoo har eg høyrt om , men ikkje lese. Har googla den og funne ut kva den handlar om.