fredag 16. april 2010

Seriestart og suppe

I dag vann Hareid opningskampen på heimebane 4-3.  Sidan eg venta tre frostige karar heim etter kamp, slo eg til med ei minestronesuppe.  Eg har no utarbeidd min eigen variant som gjev 3-4 l suppe.

1 pk kjøtdeig
2 små løk
olje til steiking

3 store/6 små poteter
3-4 gurøter
1 purreløk
1-2 fedd kvitløk

2 boksar tomatar + like mykje vatn (skyl boksane)
2 buljongterningar/kraft
400 g riven skvåsj frå frysaren (kan sløyfast/erstattast med skvåsjbitar)
2 ts oregano
smak til med salt og pepar


Steik løk og kjøtdeig i olje.  Skjer opp grønsakene og surr dei litt i gryta før du har i resten.  Kok til grønsakene er møyre.

Ein kan ha bønner, kikerter eller sammalen makaroni i om ein vil.  Eg synest suppa er mettande i seg sjølv, men ferskt brød er godt til!

3 kommentarer:

Anlen sa...

Dette såg godt ut!
Og så fint at karane tok sigeren i dag:)

Hildegard sa...

Dette såg godt ut. Smakfullt og mettande med minestronesuppe. Sist laurdag fekk vi nyte godt av Lappetausa sin variant, då Besten henta Stig i Loen og køyrde rundt fjorden for å hente Kristine og meg som hadde vore på overnatting (hjå gudmor, innover buss).
Elles er det LilleMø som har "tradisjon" på minestronesuppe når vi er mange til bords. Takk for oppskrifta.
Eidabesta

solveig sa...

Det er mange måtar å lage denne suppa på. Eg synest litt kjøtdeig i gir god smak, men den kan og vere heilt vegetarisk. Eg vel og å ha poteter i heller enn makaroni, men det er no min smak. Suppa varmar i alle fall godt!