søndag 28. mars 2010

Mimring

Vi snakka litt om dette med hukommelse i dag.  Eg hugsar godt mi mormor sin 70-årsdag.  Då var eg elleve år. Eg var sjuk dagen før, og var redd for at eg ikkje fekk vere med til Singer.  Heldigvis friskna eg til.  I går vart frøkna dårleg.  Ho fekk vondt i halsen og hovudverk.  Ho sovna på sofaen om ettermiddagen, noko som er heilt ulikt henne.  Eg stilte spørsmål om historia ville gjenta seg.  Heldigvis vart ho og frisk nok til å fare i mormora sin 70-årsdag. 

Medan systra mi hugsar at ho lagde scener fordi ho ikkje likte blomkålsuppe, hugsar eg at pappa åt suppa hennar.  Mamma meiner at sanninga ligg midt imellom.  Det er slik med desse barndomsminna.  Dei er ikkje alltid like etterrettelige - for å bruke eit bokmålsord.  Eg meiner i alle fall at eg var innom ein stad der eg såg fargefjernsyn for første gong denne dagen, altså 14. juli 1974.  Kan nokon bekrefte det?

Elles hugsar eg at ho som dreiv Singer, var motstandar av brus, men yngste søskenbarnet mitt spurte så fint at det kom brus på bordet likevel.  Vi fekk sjå oss rundt i husa der, og eg vart spesielt imponert over alle himmelsengene.  Dagen hennar var full av inntrykk.

Så var det mamma sin 50-årsdag som eg hugsa så godt.  Bodil og Svein var der.  Audun var baby og sov heile dagen.  Eg var sikker på at eg hadde bilde av henne og barnebarnet.  Kvar dette bilde eventuelt har vorte av, veit eg ikkje.  Men eg finn eit bilde av henne og Håkon.  Kan det vere på 54-årsdagen?  Det er i alle fall ikkje langt unna.  Og så fann eg bilde av mamma og pappa den tida dei hadde fire barnebarn.

3 kommentarer:

Besta sa...

Og eg må berre innrømme at hukommelsen min fungerer betre til lenger bakover i tida vi går.Men ein ting synest eg er litt artig: Det året eg fylte 50 fekk eg barnebarn nr 2(Audun)Det året eg fylte 60 fekk eg mitt 7.barnebarn(Amanda), og jammen vart det eit barnebarn det året er fyller 70 også(Ingar).Han er altså nummer 11 i rekkja.Stort!

Alt godt sa...

Men kva er Singer?

solveig sa...

Mamma kan meir om det enn eg. Singer var ein rik mann/familie som i si tid bygde sjukehuset på Nordfjordeid. I Loen er huset deira. Der feira vi mi mormor sin 70-årsdag, ei av dei store opplevingane i min barndom. Den tida reiste ein ikkje så mykje som no. Mormor var kjøkensjef på sjukehuset til ho var 70.