måndag 29. mars 2010

Mi første marsipankake

Då eg flytta til Hareid for snart 22 år sidan, var her to bakarar.  No er her ingen.  Til og med bakeriutsalet er lagt ned.  Skal ein bstille ei kake, må det skje gjennom butikk.  Prisane er heller stive, 450-500 kr for ei vanleg marsipankake.  Sist eg bestilte, vart eg heller skuffa.  Kaka var altfor søt, og det var lite krem i den.  Før i tida bestilte vi nydelege kaker hos bakar Thor.  Det var skikkeleg handverk.  No har vel bakeria vorte reine fabrikkane.

Eg hadde lova mamma å bake blautkake og sviskekake til dagen hennar.  Så kom eg på at det kanskje var på tide å lære seg å bake marsipankake.  Eg er ikkje pirkete av meg, noko folk kanskje trur. Den største utfordringa låg i pynten. 
Oppskrift til makronbotn fann eg i "Ta kaka" s. 55.  Oppskrifta var til 20 cm stod der, så eg gonga med 1,5.  Det skulle eg ikkje ha gjort!  Lengre bak i boka stod same oppskrifta til 26 cm form.  Så viss nokon av blogglesarane vil prøve seg på makronbotn anbefaler eg 100 g sukker og 100g malte nøtter/mandlar.  Eg synest nøtter gir best smak, men unngår det derson eg veit folk er allergiske.

Framgangsmåten er enkel.  Ein blandar halvparten av sukkeret i nøtteblandinga og halvparten piskar ein stivt saman med 3 eggekvitar.  Bland godt og steik i ei bakepapirkledd form.  Eg sprayar forma med olje.  Då er ho omtrent like rein etterpå.  Eg måtte ikkje vaske den før eg laga sukkerbrød i same forma.

Sukkerbrød 24 cm
4 egg
1 1/2 dl sukker

1 1/2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 1/2 ts bakepulver

Pisk eggedosis av egg og sukker.  Bland det tørre saman og sikt det på.  Bruk sleikjepott og vend mjølet forsiktig inn.  Steik ved 175 grader i ca 1 time.

Eg la makronbotnen nedst.  Elles fylte eg med ein stor pakke fløyte til krem, 1 pk vaniljekrem og eit beger Nora rørte bringebær.  Eg dynka med appelsinjus.  Ein kan sjølvsagt bruke mjølk eller anna jus.

Så langt er eg veldig fornøgd med kaka.  Men der er betringsmulegheiter både når det gjeld å få marsipanloket pent på, og når det gjeld pyntinga.  Eit litt større fat hadde vore ein fordel.  Men dette gjekk inn i Tupperwaren.  Eg berga kanten med å spøyte på litt krem.

Konklusjon: Bakarane kan å pynte, men det er ikkje vanskeleg å lage velsmakande kaker sjølv!

9 kommentarer:

Besta sa...

Trur ikkje eg fekk smakt kaka di, så no sit eg og angrar. Men dokke har vel ete opp alt?
Vi fraus alle restane våre:tre heile kaker, og to påbegynte......
Det skal ikkje all verda til når ein et så mykje godt på førehand.

solveig sa...

Vi har litt att til kveldskaffien ... Erfaring tilseier at det er lett å venje seg til kake kvar dag ...

Alt godt sa...

Eit tips er å bestille bakarmarsipan hos ein ordentleg bakar. Den er lagd med glukose, og er langt seigare og betre å jobbe med enn den vanlege du får tak i i butikken.

Eg lagde ei treetasjers bryllupskake ein gong, og hadde smått med tid. Eg reiste til Elverum med botnane med meg same dag, måtte vere ferdig til vigsla kl. 13:00. Eg pynta den med utstansa hjarte i raud marsipan i to ulike storleikar, og "limte" dei på med litt vatn. Langs kanten snurra eg to lange, tynne pølser, ei kvit og ei raud. Den vart kjempefin.

Når eg har hatt betre tid har eg lagd roser. Det med den snurrekanten er smart, då skjuler ein eventuelle tabbar langs kanten.

solveig sa...

Eg skal berre innrømme at eg kjøpte eit ferdig lok ... Eg studerte ulike bøker med ulik pynt. Snurrekant såg eg og, men visste at eg skulle piske fløyte søndag morgon likevel.
Det hadde nok vore finare med rosa roser, men eg valde gule sidan det er påske.
I ei av bøkene stod noko om sukkerpasta? Då kunne ein lage kvit pynt.

Milena sa...

Gratulerer,det vart veldig fin kake! Eg laga masse marsipan kakar og marsipan fra Rema 1000 er faktisk den beste å arbeide med,veldig enkelt å kjevle den ut så stor som man vil ha den.

solveig sa...

Takk og takk for tipset. Lenge sidan eg har vore der. På tide og sjå etter kjøtmaten der. Forandring fryder. Kjevlar du med kveitemjøl som der står eller melis?

Milena sa...

Det er best å kjevle ut med melis,prøvde med kveitemjøl den første gangen eg laga marsipnkake i 81 og det gikk ikkje så bra nei..he ikkje gjort det sida :-)

solveig sa...

Godt å høyre, for eg tok ikkje sjansen på å bruke anna enn melis til rosene.

Anlen sa...

Nydelig kake:) Eg er sikker på at det smakte veldig godt også.

Eg har blitt "nødt til" å lære å lage bløtkake/marsipankake etter at svigerfar fekk cøliaki. Det var brått ikkje så enkelt å jukse...